Hopp til innhold

Yngve Thorsen, Sogn og Fjordane Skikrins (Foto: Firda).

Thorsen sluttar

Yngve Thorsen sluttar som administrasjonssjef i Sogn og Fjordane Skikrins, og er tilsett som HMS ansvarleg i Coop Vest SA. Thorsen blir i skikrinsen ut februar.

- Eg har hatt 11 flotte år i skikrinsen, og vi har lukkast med arbeidet på mange av våre innsatsområde. Det er ei tid for alt, og no er eg klar for nye utfordringar, seier Thorsen.

- No ser eg fram til å ta med meg erfaringane frå idretten over i Coop Vest SA. Det blir spennande, og eg ser verkeleg fram til å ta fatt på arbeidet der.

- Leiar i Sogn og Fjordane Skikrins, Finn Årdal, rosar Thorsen for jobben han har utført for skisporten i fylket.  Vi skulle sjølvsagt hatt han med vidare, men no må vi berre brette opp armane og vidareføre det gode arbeidet han har lagt grunnlag for.

Saman med Norges Skiforbund startar skikrinsen no arbeidet med å finne ny administrasjonssjef.
- Vi startar prosessen med å finne Thorsen sin erstattar tidleg i desember, og vi veit at det er mange gode kandidatar både eksternt og internt i idretten, seier Finn Årdal.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI01, 01