Hopp til innhold

Bilete frå Ullsheim Skisenter, Ski i skulen 2018. Foto: Margunn Hjelmeset Kirkeeide.

Ski i Skulen 2018

Sogn og Fjordane Skikrins er klare til å vidareføre prosjektet Ski i Skulen kommande vinter.

Kort om prosjektet
Ski i skulen 2018 blir gjennomført med ei eller to klassar ved mellomsteget. I lag med det lokale idrettslaget tilbyr ein 5 -6 skiøkter à 2-3 timar i perioden januar-mars.

Gjennom prosjektet får elevane tilbod om eit flott opplegg, både skifagleg og sosialt.

Økonomi
Gjennom prosjektet dekkjer skikrinsen transport av elevar og lærarar til næraste skianlegg, i tillegg dekkjer ein løn til instruktørar rekruttert frå det lokale idrettslaget eller skikrinsen.

Såleis er tilbodet kostnadsfritt for skulen.

Prosjekteigar
Det er Sogn og Fjordane Skikrins som eig prosjektet, men Sogn og Fjordane Fylkeskommune er ein særs viktig økonomisk bidragsytar.

Føremål og målsetjing
Skikrinsen sitt føremål med prosjektet er å styrke tilbodet om fysisk aktivitet til elevane vinterstid, samt gje dei positive opplevingar, skiglede og dugleik som dei kan ta med seg inn i vaksenlivet.

For skikrinsen er det spesielt viktig at prosjektet vert gjennomført i grunnskulen, som gjev tilbodet til alle elevane uavhengig av foreldra/føresette sin sosioøkonomiske status.

Målsetjing med prosjektet

-          skape ei god skiopplæring i grunnskulen, der skiglede i snø er eit sentralt  moment

-          bidra til auka fysisk aktivitet blant born og ungdom gjennom aktivitet vinterstid

-          innføring i grunnleggande ferdigheiter innan vinterfriluftsliv

Organisering og gjennomføring

Følgjande skular og idrettslag får tilbod om deltaking i 2018:

-          Flatene skule – Førde IL

-          Tonning skule – Markane IL

-          Trudvang skule – Sogndal IL

-          Sunde skule – Førde IL

-          Byrkjelo skule – Breimsbygda IL

Ev. spørsmål kring prosjektet kan rettast til adm. sjef i Sogn og Fjordane Skikrins Yngve Thorsen (tlf. nr. 92 60 14 21).

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI02, 02