Hopp til innhold

Johan Kaggestad.

Haustmøtet 2017

Det vert eit rikhaldig program når skikrinsen inviterar til Haustmøtet laurdag 11. november i Sogndal. Sjå oppdaterte saklister og deltakarlister (pr. 10.11.2017).

Bli med på årets møteplass for idretten i Sogn og Fjordane! Laurdag 11. november i Sogndal.

Få med deg Johan Kaggestad med foredraget "Allsidig grunnlag for å nå toppen", og Sogn og Fjordane Skikrins sitt Haustmøte.

Er du utøvar mellom 12-16 år? Bli med på "treningssamling på tvers" med Even Hole og Mathias Lilleheim . Even har lang erfaring som alpintrenar både for toppløparar og yngre utøvarar. Han er no trenar for alpinistane i fylket. Mathias er tidlegare spydkastar, har 28 års erfaring frå Olympiatoppen, m.a. som fagkonsulent kraft/styrke, og er spesielt opptatt av moderne funksjonell styrketrening.

DELTAKARLISTER (PR. 10.11.2017)

Deltakarliste Haustmøtet 2017 (pr. 10.11.2017)

Deltakarliste Tverridrettsleg Basissamling (pr. 09.11.2017)

RAMMEPROGRAM - LAURDAG 11. NOVEMBER

Tidspunkt Innhald Kvar

Kl. 09.30-10.00

Registrering, kaffi

Sogndal vgs.

Bygg nr. 13

Kl. 10.00

Foredrag med Johan Kaggestad, "Allsidig grunnlag for å nå toppen"

Sogndal vgs./ Trollsalen

Bygg nr. 13

Kl. 11.30

Bokslepp - "50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane" av Rune Fossum/ Selja Forlag

Sogndal vgs./ Trollsalen

Bygg nr. 13

Kl. 12.00 Lunsj  

Kl. 13.00-13.45

Haustmøtet Sogn og Fjordane Skikrins
Fellesdel - alle greiner

Saker på fellesdelen
1) Presentasjon COOP Vest S/A v/ personalsjef Øyvind Indrebø
2) "Forbod mot fluor" i aldersbestemte klassar
3) Oppfølging av skikrinsen sitt arbeid med skiforbundet sin utviklingsmodell
4) TelenorKarusellen 2017-2018
5) "Rent idrettslag"

Sogndal vgs./ Trollsalen

Bygg nr. 13

Kl. 13.50-16.30

Haustmøtet Sogn og Fjordane Skikrins
Greinvise fagmøter;

Alpint sakliste
Vedlegg Sak 06/ Terminliste 2017-2018

Langrenn sakliste
Vedlegg Sak 03/ Terminliste 2017-2018

Hopp og Kombinert sakliste
Vedlegg Sak 03/ Terminliste 2017-2018

Sogndal vgs.

Bygg nr. 13

TVERRIDRETTSLEG BASISSAMLING, 12-16 ÅR - LAURDAG 11. NOVEMBER
(utøvarar f. 2005-2001)

Tidspunkt Innhald Kvar

Kl. 09.30

Basissamling med Even Hole og Mathias Lilleheim, økt 1

Klar til økt kl. 09.30 (presis)

Sogndal idrettshall

Bygg nr. 12

Kl. 12.00-13.00

Lunsj

Sogndal vgs.

Bygg nr. 13

Kl. 13.00-15.00

Basissamling med Even Hole og Mathias Lilleheim, økt 2

Sogndal idrettshall

Bygg nr. 12

PRAKTISK INFO. - TVERRIDRETTSLEG BASISSAMLING

Ein kan bruke garderobane.

Ta med tørt skifte til etter 1. økt, det blir rett bort på lunsj i kantina på Sogndal VGS.

For dei som ikkje er kjent - her finn du kvar vi skal vere:

Sogndal idrettshall finn du på kartet der det står idretts- og symjehall (nr. 12): http://www.fosshauganecampus.no/

Inngang på nedsida mot Sogndal VGS, gjennom garderobe.

Fint om alle gjer seg kjent med kartet over Fosshaugane Campus http://www.fosshauganecampus.no/

Dei som ønskjer å observere 2. økt på treningssamlinga går sjølv bort til Sogndal idrettshall frå kl. 13.00 og utover, inngang nedsida mot skulen og gjennom garderobane. Sjå kart der det står idretts- og symjehall: http://www.fosshauganecampus.no/

Velkomen til ein kjekk treningssamling på tvers av idrettar!

PARKERING

Sjå oppmerka plassar på kartet: http://www.fosshauganecampus.no/

For dei som kjem frå Skei er det fint å parkere ved riksveg 5 og gå bort til skulen. Hugs inngang på oversida av skulen mot idrettshallen.

Idrettens Møteplass 2017

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI01, 01