Hopp til innhold

Breiddesamling Randonee

30. november - 03. desember ynskjer NSF Randonee velkommen til breiddesamling i Sogndal.

Torsdag 30. november til søndag 03. november inviterar landslaget i randonee til opa breiddesamling for alle som vil lære randonee.

Samlinga finn stad i Sogndal, nærare bestemt Sogndalsdalen, med overnatting på Uteplassen. 

OPPDATERT INFORMASJON (17.11.2017)
Frammøte torsdag kveld. Velkommen og mingling. Ikkje noko fast opplegg.

Me bur på fine hytter på Uteplassen 18km frå Sogndal, midt i smørauge for flott skikøyring i Sogndalsdalen. I hyttene kan ein ordne seg med at sjølve. 

Fredag 
1. økt: Oppmøte kl. 0900 på Uteplassen. Me tek ei kort runde på utstyr og kva me tek med på tur.
Kl. 0930 avreise til tur. Me legg opp til å vere ute ca. 3t. Fokuset på økta er teknikk.

2.økt: Kl. 1700: Teknikk og felledrill ved Uteplassen.

Kl. 1930 felles middag

Laurdag
1.økt: Langtur ca. 5t. Me har fokus på turplanlegging, sikkerheit og vurdering undervegs. Å vere på tur aleine.

Kl. 1800: Foredrag og film

Kl. 2000: Felles middag

Søndag
1.økt: Kreativ hardøkt

Ferdig: ca. kl. 1300

Bør ha med
Ski, stavar, sko, feller, varme kle, sekk med skredutstyr (sender/mottaker, spade, søkestang), sengkle, hodelykt
Viktig: Dersom noko treng å låne noko gi ein lyd på førehand (gjerne i påmeldinga).

Pris kurs/overnatting/middag laurdag og søndag: Vaksen kr 2000,- born (under 18 år) kr. 1500,- 

Pris berre kurs: Vaksen kr. 1000,- born (under 18 år) gratis

Dersom nokon skulle ynskje å vere med 1-2 dagar å prøve, ta gjerne kontakt!

Påmelding
https://docs.google.com/forms/d/1_6dRnKN0lxgr5Ni7SVD9Nl496NvVmTRFagvsIKWPMjg/edit?chromeless=1

Tryggleik
Tryggleik vil stå i fokus alle dagar, men kvar deltakar er sjølv ansvarleg for eigen tryggleik. Instruktørane på dette kurset er ikke fjellførarar, men idrettsutøvarar. Det er difor viktig for oss som arrangør å presisere at alle må sørge for å ta vare på seg sjølv ute i fjellet, men vi vil sjølvsagt legge til rette for at alt går smidig for seg, og vere til hjelp dersom det er behov for det.

Velkommen! 

Landslagsutøvarar/instruktørar
Malene Blikken Haukøy
Lars Erik Skjervheim
Stine Haustreis
Glenn Tore Løland
Sondre Svensli

Representantar NSF Randonee
Mikkel Frodahl: Landslagskoordinator
Kristina Letnes: Arrangementskoordinator

Kontaktpersonar
Malene Blikken Haukøy, telefon 91734410
Kristina Letnes, telefon 94899741

Beste helsing
Randoneelandslaget

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI02, 02
Snorre Veggan