Hopp til innhold

Ungdomsstafetten

Generell info.

Oslo Skikrets og Norges Skiforbund ynskjer velkommen til Kong Haralds Ungdomsstafett 2017. Årets stafett arrangerast i Holmenkollen, søndag 12. mars kl. 09.30. Stafetten avviklast i samband med World Cup i Holmenkollen.

Ungdomsstafetten er ein mixed stafett over fire etappar à 3,5 km for aldersgruppa 15 og 16 år.

Sogn og Fjordane Skikrins stiller med eitt lag til stafetten.

Dato/ tidspunkt

12. mars 2017, kl. 09.30.

Utøvarar

15-16 åringar (f. 2001-2002)

Uttak

Frist for innmelding av etappar og løparprofilar er 06. mars 2017.

Langrennskomiteen har pr. 06. mars 2017 teke ut følgjande lag til stafetten:

- J15: Oda Hov (Kaupanger IL)
- G15: Oliver Bosdal Thorsen (Førde IL)
- J16: Gyrid Øygard (Førde IL)
- G16: Øystein Støfring (Førde IL

Reisemåte

Privatbilar.

Overnatting

Det er reservert overnatting (4 dobbeltrom) ved Thon Hotel Ullevål stadion i perioden 10.-12. mars 2017, Thon Hotel Ullevål stadion er også basen for Ungdomsstafetten 2017.

Opphaldet er inkl. frukost.

Måltider

For dei som kjem fredag kan middag ordnast på eige initiativ (t.d. på  Egon, Ullevål).

Matpakkar og kveldsmat er ikkje inkludert i prisen for opphaldet, men er bestilt for utøvarar og føresette frå Sogn og Fjordane.

Matpakke; kr. 85,- pr. pers.
Kveldsmat; kr. 65,- pr. pers.

NB! Kveldsmaten laurdag 11. mars vert servert i 3. etasje på Thon Hotell Ullevål stadion.

NB! Kveldsmaten laurdag 11. mars vert servert i 3. etasje på Thon Hotell Ullevål stadion mellom kl. 20.30 og kl. 21.30. Frukosten er kl. 07.00-11.00 laurdag, og kl. 06.00-11.00 søndag.

Det vert sett opp ein eigen matpakkestasjon innerst i frukostsalen for dei som har bestilt matpakke.

Fakturering

Sogn og Fjordane Skikrins dekkjer opphaldskostnadane for uttekne utøvarar, medan aktuelle føresette vert tilsendt faktura for opphaldet i etterkant av arrangementet.

Føresette vert fakturert kr. 600,- pr. døgn for opphaldet.

Logistikkliste

Logistikkliste pr. 06.03.2017.pdf

Etappar

1. etappe: J15 år - 3,5 km klassisk
2. etappe: G15 år - 3,5 km klassisk
3. etappe: J16 år - 3,5 km klassisk
4. etappe: G16 år - 3,5 km klassisk

Ansv. smøring (rettleiing/testing)

Yngve Thorsen (tlf. nr. 92 60 14 21)
Kjell Øygard (tlf. nr. 997 28 033)

Køyretillatelse

Det vil ikkje bli gitt køyretillatelsar til Holmenkollen laurdag og søndag.
Som tidlegere år vil arrangøren ordne med busstransport.

NB! I tillegg til transport for utøvarane, har skikrinsen også bestilt transport for føresette.

Akkreditering

Utøvarane nyttar startnummer som akkrediteringsbevis knytt til trening/ tilgang til smørebod laurdag og stafetten/ smørbod søndag. Utøvarane får behalde startnummeret. Kvart lag får tildelt 3 akkrediteringsvestar. Dette er for leiarane, og vert brukt for å få tilgang til treningsområde/ smørebod laurdag samt stafetten/ smørebod søndag.

Akkrediteringsvestane skal leverast tilbake til v/ smørebodene søndag etter arrangementet.

Oppbevaring av utstyr etc.

Laga kan bruke Kapellkjellaren til oppbevaring av utstyr/ varmestove på laurdag og søndag.

Weekendpass - Arena

Weekendpass- Arena gjev tilgang "vrimleområde": Kapellskogen, VM-haugen, VM-knollen og hoppsletta.

Bankett

Det vert ei eiga tilstelning for Kong Harald og utøvarane i Skimuseet laurdag ettermiddag (utøvarane + enn leiar frå kvart lag).

Det er ynskjeleg at utøvarane skal bere klubb- eller krinstøy (sporty bekledning).

Frammøte kl. 17.30 (NB! Viktig at alle som skal på pølsefesten møter kl. 17.30).

Etikette er å seie "Hans Konglige Høyhet" når ein helser på Kongen, og deretter benevnast han som "Kongen".

Det vert ei kort velkommen helsing og eit par talar når kongen kjem/ første delen av kvelden, deretter synger ein "Hurra for deg", og det vert servering av pølser og brus.

Stafetten

Trening gjennomførast frå kl. 16.30-17.15 laurdag 11. mars 2017. Her får ein m.a. moglegheit til å teste heile traseen. Merka med blått og raudt i kartet. Skitesting og oppvarming søndag skal KUN føregå i testområdet merka med grønt på kartet.

Brikker settast på i startområdet 15 min. før start. Utøvarane som har 1. etappe er dei som møter først til brikkeutdeling (deretter 2., 3. og 4. etappe).

Lagleiarar respekterar "No Coaching soner". Desse er merka med orange i kartet. Arrangøren vil ha stavpost i bakken på veg ut frå stadion.

NRK

Stafetten vert sendt på NRK søndag ettermiddag.

Fluorfritt arrangement

Tilbakemeldinga frå krinsane ga eit klart svar på at dei støtta opp om kampanjen "Tøffast utan fluor", og at Kong Haralds Ungdomsstafett skal gå utan fluor i glideren. Det betyr at det er CH-variantane hjå dei ulike produsentane det skal smørast med. Det er heller ikkje lov å nytte dyre produkt utan fluor, som t.d. Gallium.

Superski.no, som har sportsforretning ved smørebodene i Holmenkollen vil legge ut fluorfritt smøretips fredag og laurdag, samt tips til festesmøring.

Sekretariat

Kong Haralds Ungdomsstafett vil ha sekretariat på Thon Hotell Ullevål og i Holmenkollen.
4 utøvarar og 3 leiarar pr. lag får akkreditering.

Transport

Thon Hotel Ullevål stadion har enkel tilkomst til/ frå Holmenkollen. Hotellet har god forbindelse med både buss og bane. Det er også eit stort parkeringshus i samband med hotellet.

Treningstider

Grunna stor aktivitet i løypene i Holmenkollen heile veka, vil tid til trening i løypa bli avgrensa.

Program

Fredag 10. mars
- kl. 21.00: Smøreplassar P-hus er tilgjengeleg

Laurdag 11. mars
- kl. 11.00: Kombinert hopp
- kl. 12.15: Første bussavgang frå hotellet til Holmenkollen
- kl. 12.45: Langrenn 50km menn
- kl. 15.30: Andre bussavgang frå hotellet til Holmenkollen
- kl. 15.40: Kombinert langrenn
- kl. 16.15: Laghopp menn
- kl. 16.30: Trening i løypene (t.o.m. kl. 17.15)
- kl. 17.30: Frammøte pølsefest med Kong Harald i Skimuseet
- kl. 19.00: Retur med buss frå Holmenkollen (Skimuseet)
- kl. 20.30: Kveldsmat på hotellet

Søndag 12. mars
- kl. 06.00: Frukost
- kl. 07.00: Bussavgang frå hotellet
- kl. 07.30: Oppvarming i eiga løype (skitesting)
- kl. 09.30: Kong Haralds Ungdomsstafett 2017 + premieutdeling
- kl. 10.30: Hopp kvinner
- kl. 11.00: Første bussavgang frå Holmenkollen til hotellet
- kl. 12.00: Langrenn 30 km kvinner
- kl. 14.15: Hopp menn
- kl. 15.00: Andre bussavgang til hotellet

Smøreboder

Smøreplassar er avgrensa, og skikrinsane må dele på smøreplassar. Smøreplassen i P-huset ved hotellet vil vere tilgjengeleg frå fredag kveld kl. 21.00 til søndag morgon kl. 07.00.

Ein vert også tildelt smørebod i Holmenkollen i bygg ved sida av servicebygg bak skyteskivene

Greinleiar

Oddmund Lefdal (915 52 210)

Hovudleiar

Yngve Thorsen (926 01 421)

Adm. ansv.

Yngve Thorsen (926 01 421)

Påmelding

Sogn og Fjordane Skikrins har meldt på eitt lag til stafetten.

Nettside

Arrangøren si nettside. 

Her finn ein det meste av detaljinformasjon om arrangementet.
Viktig at alle set seg godt inn i denne.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde