Hopp til innhold

Gålåsprinten 2020

 

GÅLÅSPRINTEN, 27.-29. NOV. 2020
Norgescup senior 1, 2, 3

Merk: Det er ikkje klassar for junior i år

Informasjon oppdatert 06.11.2020

Stad

Gålå

Dato

27.-29. nov. 2020

Reisemåte

Privatbilar

Utøvarar

Senior

Overnatting

Overnatting er bestilt hjå Gålå Booking. Det er reservert hytter i perioden 25.-29. nov. 2020.

NB! Alle som skal bu i hyttene må ta med sengetøy e.l.

Nøklar hentast på Gålåseter Velkomstsenter, Gålåvegen 1343, 2646 GÅLÅ.
Tlf. 21 422 522.

Prisen for å bu i hyttene er kr. 200,- pr. pers. per døgn.

Frist for bestilling av overnatting er onsdag 16. november 2020.

Overnatting bestiller ein pr. e-post; ingrid.narum@skiforbundet.no

Informasjon

Merk! I år vil vere avgrensingar i tall løparar kvar dag. Informasjon kjem etterkvart i Norges Skiforbund sin sesonginformasjon 2020-2021 og arrangøren sine nettsider.

VIKTIG! Retningslinjer for fellesopplegg i regi av skikrinsen:

  • God handhygiene – vask hendene ofte.
  • Halde minst 1 meter avstand.
  • Du skal ikkje dele treningsutstyr med andre (personleg utstyr).
  • Hald det reint og ryddig der ein bur.
  • Ver ekstra merksam og ta omsyn til dei andre når ein er samla som stor gruppe, dvs. på øktene og fellesmåltid.
  • Du skal ikkje delta på samlinga/rennhelga dersom du er sjuk/ har vore sjuk siste 2 dagane før avreise/ har sjukdomssymptom. Du må varsle trenarar dersom du blir sjuk/ får sjukdomssymptom under samlinga/rennhelga, og må då reise heim.
  • Det viktig at alle følgjer beskjeder frå trenarar/ vaksne for desse retningslinjene.

I tillegg ber ein løparar og føresette lese igjennom skiforbundet sin veiledar: Norges Skiforbund sin koronarettleiar for klubbar og kretsar

Logistikkliste

 

Rennprogram

Fredag 27. november 2020
- Kvinner, 10km K
- Menn, 15km K

Laurdag 28. november 2020
- Kvinner, sprint F
- Menn, sprint F

Søndag 29. november 2020
- Kvinner, 10km F
- Menn, 15km F

NB! Det vil vere avgrensingar i tall løparar kvar dag. Informasjon kjem etterkvart i Norges Skiforbund sin sesonginformasjon 2020-2021.

Hovudleiar/ trenar

 

Smøreteam

 

Behov for hjelp til smøring av ski

Utøvarar som ynskjer hjelp til smøring av ski, kontaktar krinskontoret pr. e-post innan onsdag 18. november 2020.

Alle som treng smørehjelp skal til ein kvar tid fylgje instruksane til smøreteamet.

Generelt:

  • Swix LF 6 + kvit eller svart marathon (HF) eller tilsvarande på alle ski
  • Ski skal vere sikla og børsta
    • Utøver testar ski og leverer valgt ski til smøreteamet innan gitt frist
    • Skia skal vera merka med navn
    • Smøresona må vera merka

Pulver, rill og topping inngår i smørehjelp. I tillegg kjem festesmøring for klassisk.

Pris pr. par kr. 300,-

Smøreteamet vil sende ut informasjon i forkant til dei som nyttar seg av tilbodet.

Smørebod

 

Påmelding

Påmelding til Gålåsprinten 2020 ordnar utøvarane sjølve via www.minidrett.no

Merk! I år vil vere avgrensingar i tall løparar kvar dag. Informasjon kjem etterkvart i Norges Skiforbund sin sesonginformasjon 2020-2021 og arrangøren sine nettsider.

Arrangøren https://www.skiforbundet.no/gala2020/
NIF-EPI03, 03