Hopp til innhold

Foto: Norges Skiforbund

Korte kurs i klubb

Ynskjer di skigruppe eit kurs gjennomført på ein kveld for å skape enno betre skiaktivitet?

Norges Skiforbund, i samarbeid med skikretsane, lanserer "Korte kurs" som kan gjennomførast i skiklubbar på ein kveld eller ein dag.

Kursa kan tilpassast klubben med varigheit på 2-4 timar. Skikrinsen stiller med kursholdarar.

I første omgang tilbyr ein kurs innan langrenn og alpint, og kursa er kostnadsfrie.

KORTE KURS I LANGRENN: (Klikk for innhald i modulane under)

  • Grunnleggande skiaktivitet for barn retta mot langrenn
  • Langrennstrening for barn på barmark
  • Grunnleggande rulleskiaktivitet for barn
  • Grunnteknikkar i klassisk og skøyting
  • Barneidrettens verdigrunnlag og trenarrolla

KORTE KURS I ALPINT:

  • Grunnleggande skiaktivitet for barn
  • Foreldrekurs - korleis bidra og assistere på trening
  • Svingteknikk
  • Løypestikking
  • Barneidrettens verdigrunnlag og trenarrolla

Dei fleste kursa er modular frå Trenar 1 kursa til Langrenn og Alpint, men her er også enkelte andre korte kurs. For dei som ynskjer kan ein på sikt sette saman fleire av modulane til eit heilt Trenar 1 kurs.

Ta kontakt med Sogn og Fjordane Skikrins for å melde interesse for kurs og for evt. spørsmål;
ingrid.narum@skiforbundet.no eller tlf. 92 60 14 21

NIF-EPI03, 03