TD- og arrangørkurs på Skei - Langrenn

Skikrinsen oppmodar alle arrangørar og TD'ar om å stille på TD-/arrangørkurs på Skei 8. desember. 

08. des. 2026, kl. 17:30 - 08. des. 2026, kl. 21:00

Stad: Grand Hotel Skei, møterom (fysisk oppmøte) 

Tidsramme: kl. 17.30 - 21.00. 

Langrennskomitéen oppmodar alle arrangørar av SSF-cup og andre renn om å stille på kurset. Det er ikkje eit kurs som berre utdannar nye TD'ar, men har òg mykje fokus på arrangørrolla. LK oppmodar klubbane om å stille med deltakarar som kan ta rolla som TD, men ein må ikkje vere TD sjølv om ein deltek på dette kurset. Vi oppmodar òg godkjente TD'ar om å delta som ei oppfrisking og med å dele erfaringar med andre. 

Innhald:

For arrangør går kurset gjennom tema som: vertskapsrolla, roller på arrangement, tidtaking, løyper og stadion. LK ynskjer òg å få ein dialog med klubbane om faktorar som bidreg til enno betre arrangement og gode rammer for deltakarane. Til dømes god speakerteneste, korleis ein kan leggje til rette for deling av smørjetips m.m. 

I tillegg tek kurset føre seg rennreglementet, eventuelle sanksjonar, litt om turrenn og rulleski, samt rolla som TD. 

TD:

For å kome i gang med rolla som TD må ein delta på dette kurset, samt følgje ein erfaren TD på eitt renn. Skikrinsen set opp TD'ar på alle krinsrenn.