Hopp til innhold

SFE-bakken i bruk.

SFE-bakken

Lyst å låne SFE-bakken for å prøve hopp?

Sogn og Fjordane Skikrins har i samarbeid med Sunnfjord Energi (SFE) kjøpt ein minihoppbakke (SFE-bakken) for promotering av hoppsporten.

Bakken er laga av aluminium, og er enkel å montere/demontere (med 3 personar tek det. ca. 1 time å montere/demontere bakken).
Skikrinsen har også ein eigen tilhengar for transport av bakken.

SFE-bakken blir lånt ut gratis (sommar som vinter) til alle lag og skular som har interesse for å promotere hopp, kombinert, skileik og fysisk aktivitet. Døme på bruk kan vere i barneskular, idrettsarrangement, fotballskular, marknader etc.

Ved montering av bakken har ein behov for eit område på 4 x 15m.

Sommartid følgjer det med kunstgrasdekke i unnarennet. Det følgjer med Jetski (m/ reimar) som skal brukast.
Om vinteren fungerar vanlege langrennski godt (kast litt snø i sporet).

Ein får med detaljert beskriving av montering av bakken ved utlån.

Reservasjon av SFE-bakken gjer ein via Sogn og Fjordane Skikrins: Kennet Dvergedal tlf. 406 36 964.

nif-epi04, 04