Hopp til innhold

Rekrutteringsski hopp

Ynskjer di skigruppe låne rekrutteringsski for hopp? Skikrinsen har 10 par lette hoppski med langrennsbinding til bruk for utprøving av hoppaktivitet.

Sogn og Fjordane Skikrins v/hopp- og kombinertkomiteen ynskjer å legge til rette for utprøving av hoppaktivitet i skigruppene.

Skigrupper kan no få låne lette rekrutteringsski med langrennsbinding til bruk for utprøving av hoppaktivitet. I tillegg kan ein få besøk av skikrinsen for bidrag i hoppaktiviteten.

Skia er signert av Anders Fannemel og Maren Lundby, og er 160/170 cm og har langrennsbinding (Rottefella/NNN-binding).

Ta kontakt med Sogn og Fjordane Skikrins: 
Adm. v/Ingrid Narum, tlf. nr. 92 60 14 21
HKK v/Jan Inge Årdal, tlf. nr. 91 86 66 57

NIF-EPI01, 01
NTB