Hopp til innhold

SPV Valdres 28.-29. nov.

 

Oppdatert informasjon pr. 27.11.2020:

Samlinga er flytta til Valdres Alpinsenter og vert i utgangspunktet gjennomført 28.-29. november. Det vil bli vurdert å forlenge samlinga til 1. desember ved nok interesse.

Stad

Valdres Alpinsenter

Dato

28.-29. nov. 2020

Type samling

Ski

For kven

U12-U16

Reisemåte

Privatbilar

Påmelding

NB! Frist for påmelding er laurdag 21. november 2020.

Dei foreldre som ynsker/ kan bidra i bakken melder dette inn i påmeldinga.

Påmelding til ingrid.narum@skiforbundet.no

Treningavgift

Kr. 200,- pr. dag.

Utøvarliste

Utøvarliste pr. 26.11.2020

Program

Informasjon om samlinga vert oppdatert nærmare samlinga.

Spørsmål knytt til samlinga kan rettast sportsleg ansvarleg i alpinkomiteen Roger Ellingsund, tlf. 901 52 524, e-post roge-ell@hotmail.com.

 Informasjon

VIKTIG! Smittevernreglar for samlinga:

  • God handhygiene – vask hendene ofte.
  • Halde minst 1 meter avstand.
  • Du skal ikkje dele treningsutstyr med andre (personleg utstyr).
  • Hald det reint og ryddig der ein bur.
  • Ver ekstra merksam og ta omsyn til dei andre når ein er samla som stor gruppe, dvs. på øktene og fellesmåltid.
  • Du skal ikkje delta på samling dersom du er sjuk/ har vore sjuk siste 2 dagane før samling/ har sjukdomssymptom. Du må varsle trenarar dersom du blir sjuk/ får sjukdomssymptom under samlinga, og må då reise heim.
  • Det viktig at alle følgjer beskjeder frå trenarar/ vaksne for desse retningslinjene.
  • Hyttefordeling er gjort ut i frå familietilknyting + utøvar som er passasjer i transport t/rt samling. Føresette på samlinga skal bidra til at gjeldande smittevernreglar vert overhalde av utøvarar og føresette på samlinga, både under og utanom trening.

I tillegg ber ein løparar og føresette lese igjennom Norges Skiforbund sin koronarettleiar

Utstyr

SL-ski
SSL-ski

Trenarar

Christina Amundsen og Bjørnar Neteland

Logistikkliste

Logistikkliste pr. 27.11.2020

Innkvartering

Innkvartering er reservert ved Aurdal Fjellpark (på toppen av skisenteret) i perioden 27.-29. november 2020 i hytter/leiligheit (ved forlenga samling til 1. des. vert overnatting forlenga).

2 x Hytte Type E (4 sengeplassar)

1 x Leilighet type B (8 sengeplassar)

Sluttreingjering er inkludert.

Ta med sengetøy og handkle (kan også leigast til kr. 130,- pr. sett ).

Måltid ordnar ein sjølv på hyttene.

Pris ca. kr. 300,- pr. døgn pr. pers.

Informasjon om kvar hyttene er får ein i resepsjonen (evt. heng lapp ved resepsjonen der det står kvar ein skal bu). Nøklane står i dørene. Telefon: +47 907 40 505

Informasjon om hyttefordeling er oppdatert i logistikklista 27.11.2020.

Adm. ansv.

Ingrid Narum, (92 60 14 21)

NIF-EPI03, 03