Hopp til innhold

Fjord1 Sandane 21.-22. sept.

Stad

Sandane

Dato

21.-22. september 2018

Type samling

Barmark

For kven

U12-U16 (f. 2008 og eldre)

Reisemåte

Privatbilar

Overnatting

Sandane skule på flatseng.

Frammøte

Fredag 21. september ca. kl. 17.00-17.15 på Sandane Skule. Levering av baggasje.

Merk! Møt opp kl. 17.30 ved inngangen til idrettshallen (Trivselshagen/ Trivselshallen) med UTEKLEDE klar til økt.

Oppvarming UTE før basistrening inne.

Ta gjerne med sko/ kleskift for byte før ein gå inn og fortset økta.

Program

Dette blir ei samling med gode trenarkrefter innan turn og anna basistrening, og det blir eit kjekt og sosialt opplegg!

Fredag 21. september:
17.30-19.30: Basistrening i Trivselshallen med Nils Ove Roset.

19.30-21.00: Leik og moro i symjehallen i Trivselshagen.
Ta med kr. 50,- dersom ein vil bade.

Laurdag 22. september:
09.00-12.00: Turn og turnaktivitet i Turnhallen med Steffen Sandene.

13.00-15.00: Klatring, stafett og leik.
Ta med uteklede om denne økta blir utandørs.

Føresette må gjerne vere med å observere øktene.

Måltid

Fredag kveld: Kl. 21.30 felles varmmat

Laurdag morgon: frukost + smørje seg nistepakke 

For dei med evt. matallergi ber ein om at ein tek med nødvendig mat sjølv. Varmmat vert tilpassa dersom ein gir tilbakemelding om det på førehand.

Påmelding

NB! Frist for påmelding er fredag 14. september 2018.

Påmelding til ingrid.narum@skiforbundet.no

Treningavgift

Kr. 100,- pr. dag.

Vert etterfakturert.

Utøvarliste

Utøvarliste pr. 21.09.2018

Utstyr trening

Utstyr for barmark inne og ute.

Badetøy til bading fredag og kr. 50,-.

Trenarar

Nils Ove Roset, Steffen Sandene m.fl. 

Spørsmål knytt til samlinga kan rettast krinstrenar Anders Neteland (tlf. 93 26 73 21).

Adm. ansv.

Ingrid Narum, (92 60 14 21)

NIF-EPI03, 03