Volda

Et pilotprosjekt for fremtidens helårs aktivitetsanlegg i Midt‑Norge

 

Nytt Helårs Ski – og Aktivitetsanlegg på Reset – pilotprosjekt for skiglede i Volda

 

Volda får no eit heilt nytt og framtidsretta anlegg for bl.a. skileik og rulleski. Volda Turn og Idrettslag – Allidrett, gjennom undergruppa for langrenn og skiskyting, startar bygginga av eit moderne aktivitetsområde på Reset. Anlegget vert det første i sitt slag i fylket og inngår som pilotprosjekt i eit Midt-Norsk samarbeid mellom Sparebank1 MN, Norges Skiforbund, skikretsene i Møre og Romsdal og Trøndelag, samt Trøndelag fylke og Møre og Romsdal fylke.

Leik, meistring og fysisk aktivitet for alle

Målet er å skape ein arena som inspirerer barn og unge til å oppleve meistring, utvikling og glede gjennom variert skileik – og annan aktivitet. Anlegget blir utforma som ei langrennscross-løype med dosserte svingar, haugar, portalar, hopp og kuleløype – eit vinterleg berg- og dalbane-konsept på ski. Løypa skal kunne brukast med lite snø og preparerast maskinelt.

 

Heilårsbruk med rulleski og meir

Skileiktraséen skal asfalterast og vil difor også fungere som rulleskiløype i sommarhalvåret. Det vert ei fleksibel løysing der ulike delar av løypa kan koplast saman, og det blir lagt til rette for både klassisk og skøyting. Den samla lengda vert om lag 1000 meter. Asfalten vert etter planen lagt neste vår/sommar.

 

Med lengre barmarkssesong ser vi at rulleski vert ein stadig viktigare del av langrennssporten. Anlegget på Reset vil difor få stor betydning for å oppretthalde treningstilbodet i dei snøfrie månadane, både for barn, ungdom og vidarekomne utøvarar. I tillegg vil anlegget kunne brukast til andre rullande aktivitetar som sykling og sparkesykling – eit tilbod for leik og aktivitet, også utanfor organisert idrett. Forhåpentlegvis blir Reset en fin møteplass for barn, unge – og familiar. Det vil også bli knytet kontakt med BUA for utlån av utstyr for aktivitet i anlegget.

 

Planlegging og bygging

Det er entreprenørfirmaet Aurvoll og Furesund som skal bygge anlegget. Planarbeidet er gjennomført av Mulvik AS, som har stått for situasjonsplanar, terrengsnitt og tekniske løysingar. I tillegg har Bystøl AS bidrege med fagleg grunnlag for vegoppbygging spesielt tilpassa utfordrande grunnforhold i området. Marianne Myklebust i Norges Skiforbund var med på befaring i startfasen, og utarbeidet de første skissene til prosjektet.

Takk til bidragsytarane

VTI rettar ein stor takk til viktige bidragsytarar som gjer dette prosjektet mogleg. Sparebankstiftinga, Magne Haugens minnefond, Møre og Romsdal Fylke, og Norges Skiforbund har gitt avgjerande økonomisk støtte til anlegget. Ein særleg takk går til hovudsponsor SpareBank 1 SMN for ei stor støtte, og deira si langsiktige satsing på barn, unge og idrettsglede. Kostnadane for prosjektet er om lag 4,5 millionar kroner.

Vidare utvikling på gang
Anlegget som no vert realisert, legg eit solid grunnlag for vidare utvikling av skiidretten i Volda, og forhåpentlegvis i skiklubbar i nabokommunar – og i heile Møre og Romsdal. Det blir òg arbeidd med planar for å vidareføre løypetraseen over brua og knyte anlegget til skiskyttarfasilitetane i området. Ei slik løysing vil kunne styrke Reset som eit heilskapleg og framtidsretta skianlegg – til glede for både breidde og topp.