Hopp til innhold

Skisprell i lysløypa på Stord

Omlag 50 ungar fikk ei oppleving på ski med både mestring og glede kan de frammøtte skrive under på. Les en fin rapport fra Skisprell i-arrangementet på Stord denne uka.

Se rapport fra Stord IL:

I vinter rullar Noregs skiforbund sitt konsept «skisprell» over heile landet. Skisprell er eit lågterskel rekrutteringstiltak som skal stimulera til fri skiaktivitet utan trenarar i ei tilrettelagt løype. Ein kjenner at moment frå alpint, hopp og langrenn som saman utfordrar balanse og skiteknikk.   Tysdag 12. desember skipa skigruppa i Stord IL til «skisprell» i lysløypa. Leiar Morten Føyen i skigruppa hadde fått med seg Anne Lise Leiren Mastervik, som er kretsen sin skiklubbutviklar, til å laga ei utfordrande og leiken løype.   Tidlegare har det òg vore arrangert barneskirenn med start utanfor skihytta – eit arrangement som tidvis har samla over hundre ungar. I dag kom familiar allereie frå 16.30 og prøvde seg i løypene. «Kom og sjå, det er eit hopp her borte», så var det heile i gang for denne guten og kompisen hans.   På ski-stadion var det åttetal laga med kjegler, orgeltramp og slalåm. I bakken ned mot vassbehandlingsstasjonen møtte dei eit hopp. Segmentet frå lysløypa gjennom den mørke skogen, var det lagt ut blinkande lys som vegvisarar.  I målområdet passerte ungane fleire gonger. Runde på runde i den inspirerande løypa. Om tiltaket fører til auka rekruttering i skigruppa vil tida visa. Skigruppa har trening fredagar 17.30. 

NIF-EPI02, 02