Hopp til innhold

Kursuke i alpint - fonna 2017

Det blir både trener I- og II kurs på folgefonna når årets kursuke i alpint vert arrangert 6.- 12.august. Sjå informasjon om kurstilbodet, rammeprogram og meld på via påmeldingslink.

Norges skiforbund i samarbeid med skikretsane i Sogn og fjordane, Møre og romsdal og Hordaland inviterer til ei solid kursveke i Jondal og på sommarsnø på fonna skisenter i august. 

Innhald
Kurstilbodet vil vere temabasert og vil vere satt opp som trener I kurs og trener II kurs. Sjå linken med kursplan for å få ein oversikt over innhaldet i trener I og trener II kurset, og kva som vert vektlagd i dei ulike kursa.

For dei som deltek på trener II kurset så er oppstarten søndag 6.august. Trener I kurset startar tirsdag 8. august. Begge kursa vert avslutta laurdag 12.august.  Sjå programmet lenger ned i saka for detaljar.

Av instruktørar kan me nemne:

Per Haugen, NIH, Sportscience Alpint NSF/NIH

Per Erik Vognild, Dønski, WC og EC trener

Einar Witteveen, NSF, WC og EC trener og utviklingsprosjekter over tiår.

Stig Aambø, Tidligere landslagstrener, fysisk trener Molde Elitefotball

Jo Mork, landslagstrener Telemark, skiutvikler Young Attacking Vikings og kursholder alpint

Sjå kursplanen for alpint under. Hugs å sjekk at de har nødvendig kompetanse for å ta trener II kurs før de melder på.

Kursplan alpint trener I
Kursplan alpint trener II

Det vil kunne komme endringer på programmet, men det vil bli informert om undervegs.  

Program kursuke alpint fonna 6.-12.august 2017

Kursuka vil koste 1500,- for trener I og 3000,- for trener II. Det dekker instruktørar og kursmateriell. I tillegg kjem heiskort og overnatting/losji. Er det nokon som treng overnatting, så kan Hordaland skikrets vere behjelplig med dette. Kryss ev av for dette på påmeldingsskjema.

Kurset er "først til mølla" basert, med eit tak på 20 deltakarar på begge kurs. Så då er det berre å melde seg på via linken under.

Påmelding trener I eller II Folgefonna 6.-12. aug

NIF-EPI02, 02