Hopp til innhold

På Ålvundeid blomstrar skigleda i beste velgåande

Fin artikkel i Aura Avis om skiaktiviteten i Ulvungen IL. M&R skikrets har besøkt klubben de to siste ukene med kursholdere Jan Eirik Søraas og Stig Aambø. Veldig gledelig med "ny giv" i Ulvungen IL - med ivrige barn og trenere/ ledere! Foto: Ingunn Karigjord

Fra Aura Avis:

Karusellrenna si tid i Sunndal er nok forbi, men på Ålvundeid har skiinteressa tatt seg opp denne vinteren. Mengder av snø sørgar for at Ulvungen IL kan tilby trening til 15 aktive barn i alderen 8 til 13 år som brukar torsdagane til å auke ferdigheitene på ski.

Så langt i vinter har det vore fire kveldar med trening, og det er stor iver og entusiasme hos både ungane og dei vaksne. To gonger har klubben hatt besøk av instruktør frå skiforbundet, nærmare bestemt frå skikretskontoret i Molde. Mens det første gongen vart trena mest på vanleg tradisjonell langrenn, var det på sist trening trent på skicrosskøyring i skileiken i Kvennhusskogen.

 

Det snør og det snør og dei nyoppkøyrde lysløypespora snør mesta att. I Kvennhusskogen bryr dei seg lite om at det kjem store, kvite flokser dalande frå oven.

I full fart kjem dei svingande mellom portane og rennande under portane, og dei som er litt redde i begynninga, blir fort van med øvinga. Full fart ned den vesle bakken, og så rett opp att for å renne på nytt. Nokon meistrar det godt med ein gong, nokon treng litt meir tid for å våge heilt.

 

 

På desse treningane som varar ein time kvar torsdag, er det viktigaste å oppleve trivsel, samhald, meistring og gode aktivitetar. Gjennom slike treningskveldar håpar Ulvungen IL å motivere ungane til å bruke nærområdet i fritida. Skiløypa i Kvennhusskogen, og spesielt skileikområdet, er eit viktig treffpunkt for familiar i helgane.

Artig stad å vere når det er mykje snø

Dei ungane Aura Avis snakka med på skitreninga, er veldig glade i å vere i dette området, og ekstra kjekt er det å kunne lære seg nye teknikkar på ski og.

 

Det er fint å vere her i skileiken og det artigaste er når vi kan renne på ski utan å bruke stavane, fortel Heljar Nasvik og Ine Hafsås Hoseth.

Heljar passar på å tilføye at det er artig å sjå at andre hoppar. Han og Ine er glade for at dei fekk bli med på skitreningane, og i tillegg er dei også med på tae kvon do-treningar, så dei har travle og aktive ettermiddagar.

Tuva Viken Olsen og Amalie Gagnat Kvalvik er blant dei som gjerne brukar ein del av fritida i skileiken saman med venner.

- No når det er så mykje snø her, er det artig å vere i skileiken og renne. Vi er her i blant på fritida og, og no er vi med på skitrening for å kunne bli flinkare på ski, fortel dei, og legg til at dei har Therese Johaug som idol i skisporet.

 

 Det er ekstra artig at ho vinn i OL, og skal vi bli like gode, må vi trene mykje og vere ivrige på å gå på ski heile tida, understrekar dei, men er meir usikre på om det er veldig aktuelt.

Det er Karen Hansen Brandvold som har ansvaret for treningane som IL Ulvungen har sett i gang med denne vinteren. Då tilbodet vart annonsert tidlegare i vinter for barna i Ålvundfjord og Ålvundeid, vart det fort fullteikna, det vil seie 15 barn i alderen 8 til 13 år.

Vil tilby eit skikkeleg skitreningsopplegg i klubben

- Det var eit tilbod vi gav til ungane som bur i bygdene her for å få opp engasjementet rundt skigåing. Vi synest det er viktig å få opp skiinteressa, og det er fleire år sidan vi hadde eit slikt tilbod til ungane sist, fortel ho, og tilføyer samtidig mykje skryt av den viktige ressursen Magne Gjersvoll, som brukar enormt med tid på å preparere løypene.

No ønsker skigruppa i idrettslaget å kunne systematisere treningane og sjå kva interesse det er for å halde på, for klubben er svært interessert i at klubben skal tilby skitreningar.

 

Ønsket vårt er å kunne arrangere lysløyperenn og kanskje på sikt få i gang igjen karusellrenna som var. Derfor har vi tatt kontakt med Øksendal IL for å prøve å dra med nokre derifrå og sjå om vi kan bidra til kvarandre, seier Brandvold.

I Øksendal finst det fleire som er ivrige på ski, både barn og vaksne, og Brandvold håpar dei to laga kan dra kvarandre framover. I og med at ein aldri veit akkurat kor lenge ein vinter varar, er det neste sesong ho håpar eit slikt samarbeid kan komme i gang.

Brandvolds store interesse for å få i gang eit aktivt skimiljø i Sunndal, er hennar eigne gode minner frå barndommen i Gudbrandsdalen.

- Ein periode gjekk eg renn kvar helg og det var eit veldig aktivt miljø i Øyer/Tretten IL, kor Erling Jevne var ein av ressurspersonane. Det betydde mykje at han stilte opp i lokalklubben mens han var aktiv, han var ein stor motivator, minnest ho.

Besøk frå skikretsen for å gi ein ekstra treningsinspirasjon

Det å lære skiforståing - korleis ein skal stå og gå på ski, er viktig, og derfor tok Brandvold kontakt med Møre og Romsdal Skikrets for å spørre om råd og tips, og der var det stor interesse for å komme og vere instruktør på eit par treningar. Sist torsdag var det Stig Aambø som dukka opp med ein stor bag med mykje utstyr som klubben skal få bruke til treningar og skileik.

 

Vi i skikretsen bidrar til aktivitet og kurs og det som idrettslaga etterspør. Sjølv prøver eg å bidra i alt frå skileik og langrenn til alpin, telemark og randonné, fortel Aambø.

Han har merka at det er stor aktivitet rundt om i fylket no når det er mykje snø og han er imponert av det arbeidet som gjerast i klubbane.

- Det er mange vaksne som står på og drar i gang aktivitetar for barn, og vi er heilt avhengige av at det finst vaksne eldsjeler. Inntrykket mitt av Ulvungen IL er at dei driv godt og det er eit flott anlegg her, smiler han, og legg til at det er første gong han besøker Ålvundeid.

For Aambø passa det og ekstra godt å få den stikk ut-posten notert, i og med at posten ligg på skileiken. Stikk ut ski er nemleg ein del av Aambøs arbeidsfelt i skikretsen.

Viss snøen og skiføret blir verande utover vinteren, er det stor grunn til å tru at det blir mykje aktivitet i Kvennhusskogen i vekene framover.

- Vi håpar dei som er med opplever god meistring, lærer å handtere fart på ski, får god balanse og lærer seg å tåle véret, avsluttar Karen Hansen Brandvold, som håpar aktiviteten i Ulvungen kan spreie seg til dei andre bygdene.

NIF-EPI01, 01