Heimfjelløpet er eit turrenn som blir arrangert av Vågå IL og Sjårdalen IL. Fyrste gongen var i 1974, som visstnok var eit ”prøveår”. Det har vorte avlyst berre nokre gongar pga. vær-/føreforhold, og med rennet i 1974 vart rennet i 2020 arrangert for 46. gong. Det er oppsett ein vandrepokal i både herre- og dameklassa, som må vinnast tre gongar for å få den til odel og eige. Det er elles eit ”merkeopplegg”, med bronsemerke for fyrste gong, sølv for 5. gong og gull for 10. gongen, og vidare eigen pokal for kvart 5. år utover det.