Hopp til innhold

Langrenn Hordaland skikrets

Aktuelt

Kretscupen i langrenn Hordaland

Langrennskomiteen i Hordaland skikrets har også i år lagt til rette for kretscup i langrenn. Kretscupen gjev eit tilbod til alle frå 8 - 20 år. Sjå meir om cupen og kva renn som inngår.

Webinar Snøproduksjon og Snølagring

Relevant for Ski-Norge: 7. desember 2023 kl. 13:00-14:00 inviterer Vestland Fylkeskommune, Vestland Idrettskrets og SIAT til webinar om snøproduksjon og snølagring.

Påmelding fellesopplegg langrenn - nasjonale renn

For dei som skal vere med på nasjonale renn i juniorklassen, eller gå hovedlandsrenn, så melder de dykk på felles skjema for våre reiser komande vinter. Gjeld både støtteapparat og løparar. Frist 1. desember.

Kretssamling langrenn på fanahytten

Fana Il  i lag med Hordaland skikrets inviterer til langrennssamling for 15 - 16 åringar frå fredag 27. oktober til søndag 29. oktober. Les meir om samlinga og meld på!

Kretssamling langrenn på Stord 2010-2013

Laurdag 28. oktober til søndag 29. oktober inviterer Stord IL og Hordaland skikrets til kretssamling i langrenn. Sjå program og meld på denne kjekke samlinga for dei født mellom 2010 - 2013.

Haustmøte Hordaland skikrets

Velkomne til Scandic Voss tysdag 3. oktober frå 18.00 - 21.00. Møtet består av ein felles del fyrste timen før greinmøtene går dei siste to timane. Saka oppdaterast med program og informasjon. Meld på nå!

Kretssamling langrenn og rulleskirenn

22. - 24 september er det kretssamling for juniorar og for dei som skal opp i hovudlandsrenn alder (15 - 16 år). Samlinga avsluttast søndag 24. september med rulleskirenn på Voss ski- og tursenter.

Haustcamp i Strandebarm 15. - 17. september

Me inviterer til Haustcamp i alle skigreiner fredag 15. - søndag 17. september i Strandebarm. Campen er for alle født mellom 2010 og 2012. Innhaldet på aktiviteten er allsidig trening med noko greinspesifikt. Sjå program og meld på. Informasjon oppdaterast.

Aktivitetskalender langrenn Hordaland

Utover hausten skjer det mykje i langrennsmiljøet i Hordaland. Det startar allereie til helga med rulleskirenn opp Fløyen, så kjem breiddesamlingar, kretssamlingar og trenarkurs mellom anna. Kryss av i kalenderen og møt opp!

Sumarcamp i Jondal vart stas

For ein treningsleir me fekk i Jondal med Sumarcamp 2023! Solfylte dagar med positive og læreviljuge deltakarar gjorde dagane kjekke for både deltakarane og leiarane. Sjå nokre bilete frå litt av aktivitetane dei fire dagane.

Sommartips - Kvasshovden opp

For Ulvik IL, så er arrangementet Kvasshovden opp eit stort arrangement kvar sommar. Kva med å kombinere ein tur til hardanger med deltaking på motbakkeløpet Kvasshovden opp laurdag 15. juli? Sjå invitasjon.

Kretsting og vårmøter i grein

Laurdag 3. juni gjennomfører Hordaland skikrets Kretsting med vår-fagmøter i grein. Sjå innkalling og informasjon om nominering til prisar.

Sumarcamp i Jondal

Velkomne til langrennssamlinga Sumarcamp i Jondal og på folgefonna fredag 23. - mandag 26. juni 2023. Er du født mellom 2012 og 2008, så er dette plassen å vere desse dagane.

Finale i kretscupen langrenn

I helga vart årets kretscup avslutta med finale i samband med Vestlandsmeisterskapet og søndagens skiathlon. For dei yngste var det nok startar i kretsrenn som var viktig, medan dei eldste sanka poeng gjennom sesongen. Sjå sluttstilling og glade vinnarar.

Vestlandsmeisterskapet på Voss

Voss IL laga til ei flott rennhelg for skikretsane på vestlandet, når Vestlandsmeisterskapet gjekk over to dagar i Voss ski og tursenter. Laurdag var det klassisk teknikk i solskin og søndag var det friteknikk/skiathlon i litt meir "vestlandsvær".

Kretscupen samanlagt før finalehelg

Før helgas finale i kretscupen med Vestlandsmeisterskapet, sjå oppdatert poengstilling i kretscupen for 13 - 20 år og gjennomført kretscupen 8 - 12 år med premiering.

Kjekt på Kong Haralds ungdomsstafett

Hordaland skikrets stilte med 2 lag under helgas Kong Haralds ungdomsstafett i Holmenkollen. Togturen over til Oslo under WC 5-mila og deltaking i stafett mot andre 15-16 åringar frå Norge, gav masse opplevingar pakka i ei helg.

Vestlandsmeisterskap på Voss

18. - 19. mars går Vestlandsmeisterskapen i langrenn på Voss. Arrangørane ynskjer alle frå Hordaland, Sogn og fjordane og Agder og Rogaland velkomne til langrenn på Voss ski og tursenter.

Til helga skjer det i Kvam

Til helga inviterer Kvam LSK til både turrenn og sprintstafett med Torefjellsrennet laurdag 11. mars og Kvamma sprintstafett søndag 12. mars. Arrangøren kan melde om strålande skiforhold i anlegget på Sjusete.

Tour de Hardanger vel gjennomført

Røldal IL og IL Korlevoll - Odda laga til tre flotte konkurransar på to dagar i dei to anlegga, som var dressa opp med den finaste kvite kappe med sol frå skyfri himmel.

Tour de Hardanger i Røldal og Korlevoll

Til helga går Tour de Hardanger i snøfylte Røldal og Korlevoll. Arrangørane kan melde om strålande skiføre og gledar seg til å ynskje velkomne til to kjekke skidagar i hardanger.

Resultat Vargarrennet

Søndag vart Vargarrennet arrangert i Voss ski og tursenter. Rennet gjekk i friteknikk og samla ca 100 deltakarar. Eit godt gjennomført renn av arrangøren frå Bordalen med strålande skitilhøve.

Velkomne til Vargarrennet

Vargarrennet vert arrangert komande søndag i Voss ski og tursenter. Legg søndagsturen til Voss og det flotte anlegget i Herresåsen. Påmeldingsfrist torsdag 23. februar kl. 23.59.

KM Vikingrennet og Fanarennet gjekk på Voss

120 deltakarar var med på laurdagens KM Vikingrennet i klassisk og 170 deltok på søndagens Fanarennet i friteknikk under strålande tilhøve. Sjå resultat og oppdatert stilling i kretscupen.

se flere nyheter Vis alle nyheter
nif-epi04, 04