Hopp til innhold

Alpint Hordaland Skikrets

Terminlister (3 neste renn)

Fra Til Arr. navn Arrangør Gren Krets Live
Fra 10.01.2019 Til 13.01.2019 Arr. navn Samling og KM SG Ål - 2019 Arrangør Hordaland Skikrets Gren Alpint Krets Hordaland Skikrets Live
Fra 16.02.2019 Til 17.02.2019 Arr. navn Frydenbørennet 2019 Arrangør Fana IL Gren Alpint Krets Hordaland Skikrets Live

Aktuelt

Fartssamling og KM super g i Ål

Hordaland skikrets i samarbeid med Sogn og fjordane skikrins inviterer alle frå U10 og oppover til fartssamling og skirenn frå torsdag 11. - 14. januar. Sjå samlingsinvitasjon og renninformasjon.

Inspirerande seminar

I samband med haustcampen arrangerte skikretsen seminar med tema klubbutvikling. Takk til Åge Skinstad og Atle Rolstadaas for inspirasjon og god innføring i nyttige verktøy for klubbane. Sjå link til nytt fagstoff.

Haustcamp 2017

Set av helga 15.-17. september for årets storsamling i skikretsen. Det vert elvepadling, terrengsykling, nattorientering, rulleski, rollerblades og anna moro. For klubbane vert det frivilligseminar på søndagen, med bla. Åge Skinstad og Atle Rolstadaas.

Kursuke i alpint - fonna 2017

Det blir både trener I- og II kurs på folgefonna når årets kursuke i alpint vert arrangert 6.- 12.august. Sjå informasjon om kurstilbodet, rammeprogram og meld på via påmeldingslink.

Nye fjes i Hordaland skikrets

Under skikretsens ting, så vart det endringar i både styret og komiteane. Johan Børsheim frå Ulvik il, tar blant anna over leiarvervet i skikretsen etter Ida Sætersdal.

Årets utøvar 2017 Hordaland skikrets

Hordaland skikrets delte i år ut årets utøvar prisen til Gaute Kvåle, Røldal il, for sin imponerande sesong i langrennssporet med blant anna ein 5. og 6. plass i U-23 VM.

Resultat vestlandsmesterskapet

Sjå resultat frå vestlandsmesterskapet som samla over 170 alpinistar frå Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Agder og Rogaland skikretsar. Grunna dårlege føreforhold vart fredagens program avlyst.

Invitasjon Hordaland skikrets - ting 2017

Hordaland skikrets arrangerer årets skikretsting 6. mai i Myrkdalen. Det vert fagmøter og gode innlegg på hovuddelen. I år inviterer me til ein guida skitur på søndagen for alle interesserte.

Vel gjennomførde telenorleikar av Voss alpin

Over 300 13 og14 åringar frå heile landet var i helga med på Telenorleikene på Voss. Arrangøren losa ungane gjennom flotte konkurransedagar og sosiale tilstellingar. Våre lokale alpinistar gjorde det godt i konkurranse med landets beste. På team-event vart det 2. plass!

Invitasjon til Myrkdalsfart

Voss alpin i samarbeid med Norges skiforbund og Myrkdalen inviterer til fartssamling 5. -7. mai. Myrkdalsfart har som mål å laga til den kjekkaste leikeplassen for fartsglade alpinistar, med hopp i forskjellige storleikar, løyper med bølger i sving, bølgefelt, løype med fartsmåling og mykje anna moro. Sjå invitasjon.

Velkomne til Vestlandsmesterskap

Fana Alpin inviterer til Vestlandsmesterskapet i alpint 21. - 23. april i Myrkdalen. Sjå invitasjon med program og overnattingstilbod. Hugs også å meld dykk på felles løpermiddag.

Lokale alpinistar på hovudlandsrenn

Forrige veke var 14 alpinistar frå Hordaland med på årets hovudlandsrenn. Dette er eit uoffiselt NM for landets 15- og 16 åringar. Dei hevda seg bra i selskap med hardtsatsande ungdomar frå resten av landet.

Myrkdalsfart

I samarbeid med Norges Skiforbund inviterar Voss Alpin til fartssamling i Myrkdalen 05.-07. mai 2017.

KM i storslalåm og slalåm i Eikedalen

I helga arrangerte Fana il og Samnanger alpin Frydenbørennet og Samnangerrennet. Det vart arrangert kretsmeisterskap i både laurdagens storslalåm og søndagens slalåm.

Resultat KM super-g Hordaland skikrets

Etter flytting av Lønahorgifart og KM i super-g til Myrkdalen, så vart det eit meir kompakt arrangement enn det som var terminfesta. To gode renn på laurdag vart det allikevel. Sjå resultat frå super-g og KM i super-g arrangert av klubbane i Hordaland i fellesskap

Puljerangering Hordaland skikrets

Sjå oppdatert puljerangering før helgas fartsrenn i Myrkdalen. Vedlagt også oppfriskning av puljeplasseringsinformasjonen som alpintkomiteen beslutta.

se flere nyheter Vis alle nyheter
NIF-EPI01, 01