Hopp til innhold

Tilskot langrenns- og turlangrennsløyper

Vestland fylkeskommune har etablert ei søknadsbasert driftsstøtte til skianlegg som legg til rette for langrenn og turlangrenn. Tilskotet skal stimulere til hyppig løypekøyring i anlegg som fyller regional funksjon.

Vestland fylkeskommune ser viktigheten av å oppretthalde tilbodet av oppkøyrde løyper og turløyper for langrenn i vårt fylke i eit samfunnsperspektiv, og har difor laga ei 3-årig prøveordning for målretta driftstøtte i åra 2022, 2023 og 2024. 

Ordninga er søknadsbasert for kvart enkelt år og søknadane vert prioritert etter følgjande kriterier:  

  • Geografisk spreiing som utfartsåre for langrenn og turlangrenn
    • Regionale og større meisterskap siste 3 åra, samt framtidige fastsette meisterskap
  • Midlane skal nyttast til drift og/eller til innkjøp av driftsutstyr
  • Eigen kommune må gå inn med tilsvarande driftsstøtte eller meir
    • Anlegg som mottek fylkeskommunal driftsstøtte, til løypekøyring for undervisning på vidaregåande nivå, vert ikkje prioritert

Kven kan søkje? 

Skianlegg eigd av idrettslag, stiftingar og/eller kommunar i Vestland fylke kan sende inn søknad til sine anlegg på elektronisk søknadsskjema.  

Meir om støtteordninga og søknadsskjema på Vestland fylkeskommune si heimeside

NIF-EPI03, 03