Hopp til innhold

Regnveret stoppa ikkje denne gjengen frå verken å trene eller ha det kjekt!

Haustcampen 2019

Sjå bilete frå ein innhaldsrik haustcamp på Bømoen med allsidige aktivitetar for dei kjekke skiungdomane våre.

Som de ser så har det vore ei aktiv helg for ungdomane. Haustcampen vart ei flott samling også i år. Takk for innsatsen til alle deltakarar. Jammen er de sporty!

Utan hjelp og tilrettelegging hadde haustcampen ikkje vore så allsidig. Me må difor rette ei stor takk til våre dyktige instruktørar i skikretsen, som deler skigleda og kunnskapen med ungdomane. Takk også til dei som legg til rette for oss; med: Voss orienteringsklubb, Voss sykkelklubb og Voss Gymnas. Til slutt ei stor takk til Vekselbanken på Voss, som bla sørga for at deltakarane er lettare å sjå i haustmørke med sine fine nye treningsvestar. 

NIF-EPI03, 03