Hopp til innhold

Denne glade gjengen var med på fjorårets haustcamp. Me håpar at det vert like mange i år!

Haustcamp 2019

Haustcamp for alle skigreiner vert i år som i fjor på Bømoen helga 13. - 15. september. Me gledar oss til å ynskje alle skiungdomar i skikretsen født 2004 - 2008 velkomne til Voss.

HAUSTCAMP

Årets storsamling i skikretsen - Haustcamp på Bømoen. Denne samlinga er for alle skiungdommar i alderen 11 - 15 år. Det vil seie for dei født mellom 2004 og 2008.  Alle utøvarar er velkomne, uansett kva skigrein ein er aktiv i.

Det vert varierte og utfordrande treningsøkter med vekt på allsidighet. Nokre økter vert felles for alle og nokre vert greinspesifikke. Området rundt Bømoen og på Voss vert nytta til dei ulike aktivitetane.  Det vil vere dyktige trenerar frå våre skiklubbar og skikretsen med på samlinga.

Program haustcampen 2019

Av aktivetar vert det til dømes: Terrengsykling, nattorientering, rulleski(langrenn), rollerblades(alpint) og variert aktivitet i idrettshall(innesko). Med ei så variert treningssamling, så er det behov for ei god "ta med- liste". PS! Laurdagen skal me vere med på terrengsykkelritt, så om de har støtdemparar på sykkel, så er det supert. 

TA MED LISTE


Frist for påmelding er søndag 7. september.

Påmelding haustcamp 13.- 15. sep. 2019

Samlinga kostar 1750,-  Alle deltakarar får ein treningsvest frå Bjørn Dæhlie. For innbetaling av deltakaravgift på haustcampen, så betaler ein inn 1750,- på kto nummer: 3480.16.04775 og merkar med "haustcamp namn".

Nokre av aktivitetane ein kan vente seg...

 

SPONSOR

Me er glade for ha Voss Veksel - og Landmansbank med oss som sponsor for vår største fellessamling gjennom skikretsen. Vekselbanken er ein lokal bank på Voss skipa allereie i 1899. I lag med andre tiltak de støttar gjennom banken er me takksame for at de ser på dette arrangementet som eit de ynskjer å vere ein god medspelar på!

 

NIF-EPI03, 03