Hopp til innhold

Bilete frå fjorårets Sumarcamp med bla. Andrew Musgrave som ein av instruktørane.

Sumarcamp 2019

Velkomne til Sumarcamp i Jondal laurdag 22. juni til tysdag 25. juni. Samlinga er for langrennsløparar født mellom 2004 og 2008. Ein perfekt start på ferien, meiner mange.

Hordaland skikrets ser fram til ei perla av ei treningssamling i starten på sommarferien. På langrennssamlinga Sumarcampen, som vert arrangert i Jondal, nyttar me både veg, sti, bane og  ikkje minst skiføret på isbreen Folgefonna. Denne varierte og sosiale treningssamlinga i lag med andre langrennsungdommar, inspirerande dyktige trenarar og ikkje minst super mat, er ein perfekt start på sommarferien. 

Samlinga startar laurdag 22.juni og me avsluttar etter lunsj tysdag 25.juni.  Påmelding er open fram til 12. juni. Me har eit tak på 50 deltakarar, pga begrensning med overnattingskapasitet. Program, trenarpresentasjon og «ta med liste»  kjem. 

Innkvartering vert på Hardangerakademiet. Her er det både overnatting og matservering. Dette ligg ved sentrum og rett på sida av Idrettsplassen og skulen.

Samlinga vil føregå i  og rundt Jondal og på Folgefonna. Alle treningsøktene tek utgangspunkt i Hardangerakademiet, der me bur. Busstransport vil frakte oss til breen for skiøktene og ellers ved behov for lokal transport. 

INNHALD

- Langrenntrening i friteknikk. Her får ein teknikktips av dyktige trenarar. Her kan me nemne bla. tidlegare landslagstrenar for damene Roar Hjelmeset og Emil Hosøy som nå er landslagstrenar for Kina.

Treninga føregår i oppkøyrde langrennsløyper på breen. 
-Rulleskitrening
-Variert trening rundt Jondal med løp, styrke, ballspel og nye øvelsar. 
-Temakveld 
-Sosiale lagkonkurransar


Roar Hjelmeset, som har vore trenar for Marit Bjørgen og Therese Johaug kjem til oss i Jondal. Det gledar me oss til!

Treningsplan og "ta med" liste - Sumarcamp 2019

Påmelding og kostnad

Treningssamlinga kostar 3150,- og  inkluderer overnatting, alle måltider, lokal transport i Jondal og treningsøkter med preparerte skiløyper på breen og teknikkinstruksjon.

Alle får ein kjekk deltakarpremie. 

PÅMELDING SUMARCAMP 2019-  22. - 25. JUNI

Innbetaling gjerast på kto numer: 3480.16.04775. Merk innbetaling med navn på deltakar og "sumarcamp19" -

Frist 20. juni 2018
Me er heldige som har ein så stabil og god samarbeidspartner som Coop under vår kjekke samling i Jondal. Me får difor også i år besøke den kjekke butikken og fylle på med god mat hos Coop Prix/Byggmix Jondal. Me gledar oss allereie!

Engevik Byggsenter har vore samarbeidspartner for vår Sumarcamp sidan oppstarten i 2015. Dei er med også i år. Det er me veldig glade for!

NIF-EPI01, 01