Hopp til innhold

Tidlegare kretsleiar i Hordaland skikrets, Lars Tennebekk, var ein av dei som vart heidra på årets kretsting.

Kretsting med heider

Det var ein innhaldsrik dag på Idrettens hus - Brann stadion, når Hordaland skikrets hadde kretsting med vårmøter. Det var aktuelle, gode innlegg og fortent heider.

Laurdag 25. mai gjennomførte Hordaland skikrets sitt kretsting. Dagen starta med vårmøter for hopp- og kombinert, langrenn og alpint. 

Langrenn hadde besøk av mangeårig langrennssjef i NSF - Per Nymoen. Han holdt eit innlegg om arrangement og utviklingstrekk, som var både inspirerande og nyttig for våre skiklubbar. Det vart både gode diskusjonar og nyttige avklaringar for vegen vidare. Per Nymoen såg på utviklingstrekk i langrennssporten og inspirerte tilhøyrarane med sin evne til å sjå det store i det små og konkretisere kunnskapen. 

Hopp og kombinert sitt vårmøte hadde rekruttering og anlegg på agendaen. Det passa difor fint at NSF sin dyktige anleggsrådgivar Marit Gjerland var med på møtet og kom med konkrete anleggsaktuelle tema for dagen. 

Alpint evaluerte forrige sesong, planla sesongen som kjem og såg på fellestiltak rundt rekruttering . Herunder rennsamarbeid med nabokrets, lokal terminliste og samarbeid for alpintklubbane i skikretsen. 

Etter lunsj var det ein fellesdel med Per Nymoen som snakka om god klubbdrift. Etter dette opna kretstinget med kretsleiar Johan Børsheim, før Marit Gjerland, NSF, kom med helsing frå skiforbundet og oppdaterte med aktuelle saker frå skiforbundet. 

Marit Gjerland bidrog med kunnskap om både anleggsarbeid og med helsing frå skiforbundet under kretstinget for Hordaland skikrets. 

På kretstinget vart det også utdelt prisar. Her representert med kategoriane Årets utøvar, Årets skiklubb og Hordaland skikrets sin heiderspris. 

Årets utøvar
Sjur Røthe - Voss Il, gjorde ein historisk prestasjon, når han som fyrste hordalending vann ein individuell Verdsmeistertittel i langrenn. Han vann også gull på 4 x 10 km stafett og bronse på 50 km friteknikk. Sesongen vart avslutta med 3. plass samanlagt i Verdenscupen. 
Sjur kunne ikkje hente prisen sjølv, men Johan Børsheim fekk gleda av å overrekke prisen til far Steinar Røthe som sjølv har vore sentral i hordaland skikrets. 

Årets skiklubb

Samnanger IL vann prisen som årets klubb for si store anleggsutvikling gjennom dei siste åra. Herunder har dei også utvikla ny arena for hoppaktivitet og samstundes investert i trakkemaskin. Klubben har i tillegg prioritert rekrutteringsarbeid, vore flittige å nytte tilbod om kurs og møteplassar hos skikretsen og er årleg vertskap for flotte kretsarrangement i både langrenn og alpint. 

Åse Waage Tveit tok i mot den velfortente prisen for årets skiklubb, på vegne av Samnanger IL - skigruppa, av leiar i skikretsen Johan Børsheim.  

Hordaland skikrets sin Heiderspris

Lars Tennebekk, Loddefjord IL og Finn Jacobsen, Øystese IL vart tildelt Hordaland skikrets sin heiderspris. 

Finn Jacobsen fekk prisen for sitt langvarige engasjement for hoppsporten både lokalt og nasjonalt. Finn har lang erfaring som aktiv og anleggsansvarleg for Myrabakken hoppanlegg i Øystese. Han har vore fis-dommar og kretsdommar heile perioden etter aktiv karriere og stiller framleis på kretsrenn. Han har mellom anna administrert dommaroppsett i kretsen dei siste åra og vore ansvarleg for dommaropplæring og utdanna 4 nye kretsdommarar. Me er glade for at eit slikt JA -mennesket får Hordaland skikrets sin heiderspris. Utdelinga av prisen vil skje på hordaland skikrets sitt haustmøte. 

Lars Tennebekk fekk prisen for sitt langvarige engasjement i skisporten gjennom ei rekke sentrale verv i både klubb og skikrets/forbund. Sidan 1992 har Lars vore leiar i Loddefjord IL - skigruppa og  la grunnlaget for sitski og parapiggingsmiljøet der. Her var bla Mariann Vestbøstad ein av utøvarane som fekk glede av dette. Lars var leiar i Hordaland skikrets i perioden 2008 - 2015. Har vore og er framleis ein viktig teknisk delegert i alpintsporten og har vore region TD sidan 1998. Er ein leiar som brenn for aktivitet for alle og samarbeid. Ein positiv og lojal støttespelar som fortener Hordaland skikrets sin heiderspris.  

Lars Tennebekk får heidersprisen av noverande kretsleiar Johan Børsheim. 

Hopp og kombinert miljøet fekk ei særskilt takk for den fleirårige felles innsatsen for å rehabilitere og utvikle hoppanlegga rundt i vårt fylke. Dette gjennom uttallige dugnadstimar fordelt på mange ildsjeler. Leiar i hopp - og kombinertkomiteen Magne Sørestrand tok i mot ei blomehelsing på deira vegne. 

Kretstinget gav nye tillitsvalde dei neste to åra 

  

 

NIF-EPI01, 01