Hopp til innhold

Vebjørn Turtveit Voss IL, til høgre, under premieutdelinga på Ustaoset etter årets Skarverenn. Foto: avisa-hordaland.

Vebjørn Turtveit vart nummer 3 på Skarvarennet

Vebjørn Turtveit var best av hordalandsløparane under sesongavslutninga på Skarvarennet. Han enda på ein flott 3. plass etter eit spurtoppgjer til slutt. Imponerande innsats nok ein gong av den spreke Vossingen, som både har imponert i NM og WC renn for Norge i år. Like bak Vebjørn Turtveit fulgte det ikkje mindre enn 3 Hordalandsløparar på lista. På 5. plass kom VM-helten Sjur Røthe og på 6. plass kom eksil skånevikaren Chris Jespersen, som nå representerer Strindheim og på 7. plass kom Røldølen Gaute Kvåle, som også har hatt ein fantastisk sesong med fleire topp 10 resultat i NM, med 8. plass som beste plassering.

Det var fleire hordalandsløparar til start under dei ruskete forholda. Følg linken og sjå resultata til desse. 

Resultat Skarverennet 2019


OM Vebjørn Turtveit i Avisa-Hordaland

NIF-EPI02, 02