Hopp til innhold

Sjur Røthe og Vebjørn Turtveit, til høgre, med velfortente bronsemedaljar for Voss IL under sprintstafetten. (Foto: Bjørn Magne Bryn)

Toppresultat under NM del II og NC-finale

Det var mange hordalandsløparar i toppen under avslutninga av sesongens nasjonale langrennskonkurransane på Lygna i helga. Det vart både meisterskapsmedaljar og pallplassar!

Den avsluttande langrennshelga med både senior-NM og Norgescup finalar, bestod av både sprintstafett klassisk, kort distanse 5 og 10 km friteknikk, 30 og 50 km klassisk og  fellesstart klassisk som avslutning på Noregscupen for juniorane. 

Torsdag med medaljejubel

Denne dagen var Voss IL sin dag. Hordaland skikrets hadde to lag til start når det var duka for sprintstafett. Osterøy IL stilte med eit reint juniorlag, som nok vil hevde seg meir på sikt, medan Voss IL stilte med sin ferske Verdsmeister, Sjur Røthe og Vebjørn Turtveit, som har imponert alle i år med både gode renn i nasjonal samanheng og fleire topplasseringar i Verdscupen for Noreg. Dei to Vossingane gjorde det veldig bra og vann ein vel fortent NM-bronse til slutt. Gratulera til Voss IL og dei sterke skiløparane! Bilete med to fornøgde medaljevinnarar til høgre på bilete. 

Fredag - NM 5 km og 10 km friteknikk

Denne dagen var det både juniorar og seniorar i same klasse, slik at juniorane verkeleg fekk prøvd seg på nivået til dei beste i landet i seniorklassen. 

Ein som verkeleg ikkje vart satt ut av dette var Bård Olav Steinsland Medhus(M17), Røldal IL, som vart nummer 67 i selskap med både eldre juniorar og heile seniorklassen. Han vart den beste 17 åringen og fekk site i leiarstolen i ein halv time utan at nokon registrerte betre tid. Gaute Kvåle er ein annan Røldøl som også har vist stigande form i det siste. Han slo til med ein flott 8. plass. Vebjørn Turtveit og Sjur Røthe fulgte opp med 11. og 12. plass. 

På den korte distansen for damene, så vart Karoline Simpson-Larsen, Vargar IL, nummer 36. Blant juniorane vart Eivor Vestrheim Skjerven, Bulken IL, nummer 15 i 19-2o klassen og Tiril Vestrheim Skjerven, Bulken IL, gjorde sine saker veldig bra i den yngste juniorklassen(J17) og vart nummer 12.  

Bård Olav Steinsland Medhus vart godt vandt med leiarstolen.

Gaute Kvåle imponerte med sin 8. plass i det gjevaste selskapet. 

Laurdag  - NM 30 km og 50 km 

Den store styrkeprøven med 3- mil og 5- mils konkurransane gav i år ekstra store utslag sidan det var enkeltstart og ikkje fellesstart. Det var altså ikkje noko felt å kunne gøyme seg i når det byrja å røyne. Vebjørn Turtveit la i veg med optimisme og låg lenge an til å kjempe om medalje på 5-mila. Til slutt vart det ein fin 14. plass, men forsøket og ønsket om å levere eit betre renn skal rosast, så satsar me på at det held heilt inn neste gang. Den spreke Gaute Kvåle gjorde eit jamnare løp og enda på ein flott 10. plass. Medan Sjur Røthe nok bar preg av det tøffe køyret med ei lang rekke toppløp, og vart nummer 35 til slutt. Karoline Simpson-Larsen, Vargar IL, vart til slutt nummer 37 på kvinnenes 30 km. 

Vebjørn var lenge med i medaljekampen på 50 km, men måtte ta til takke med ein 14. plass til slutt. 

Noregscup finale med ny pall

Søndagen var det juniorane sin finale som stod på programmet. Den gjekk i klassisk stil og med klassevis fellesstart. Blant gutane i 17 års klassen hadde hordaland skikrets med 3 deltakarar. Simen Lilleås Engevik, Stord IL, som vart nummer 8. i sin klasse på fredagens friteknikk, han slo til og imponerte alle med sin 2. plass blant dei beste i landet i sin klasse. Bård Olav Steinsland Medhus, som var raskaste 17 åring på fredag, enda på ein 11. plass med litt uhell undervegs. Daniel Dukstad, som imponerte på junior NM tidlegare i vinter, plasserte seg litt meir beskjedent med sin 29. plass. 
Elias Mostraum i gutar 18 år gjorde eit supert løp og vart nummer 8 i sin klasse. Osterøyløparen har vore jamnt god i år og imponerte stort på finaledagen. 
Blant jentene så gjorde Tiril Vestrheim Skjerven, Bulken IL, sine saker bra. Ho enda på 25. plass blant landets beste 17 åringar. Systera Eivor Vestrheim Skjerven, som imponerte med pallplass under NC tidlegare i vinter, er litt vekke frå den formen nå, og enda på 33. plass denne dagen. 

Tiril undervegs på sin finale i 17 års klassen. 

Ein fornøygd Simen Lilleås Engevik til venstre på pallen under premieutdeling for finalen i Noregscupen 2019. 

Resultat frå NM og NC-finalen Lygna 2019

NIF-EPI03, 03