Hopp til innhold

Gjengen samla med dei dyktige trenarane Erling Astrup Sjøtun og Brendan Ketterman.

Telenorleikene med hordalandsalpinistar på pallen

På Vassfjellet vart det i helga arrangert Telenorleikene i alpint for landets 13- og 14-åringar. Skikretsen stilte med ein god gjeng som absolutt viste att på resultatlistene.

Våre unge lovande alpinistar reiste onsdag til trøndelag for å delta på årets telenorleiker som vart flytta frå Sauda til Vassfjellet på grunn av manglande snøtilhøve i Sauda. Konkurransane i Vassfjellet bestod av individuelle konkurransar i super g, storslalåm og slalåm. 

Fredag og super g

Utøvarane fekk ei god gjennomkøyring på torsdagen før fredagens fartskonkurranse. Og under fredagens renn gjorde Sunniva Valestrand Øen frå Tertnes alpint eit godt renn med sin 21. plass i jenter 13. I gutar 13 år gjorde Sondre Melø frå Fana alpint også det bra med sin 35. plass. I klassen jenter 14 år var det mange deltakarar frå Hordaland og dei imponerte stort med fleire topplasseringar. Det var Jenny Larsdatter Astrup Sjøtun Voss alpin som imponerte mest med sin 3. plass. Madeleine Sylvester-Davik Tertnes alpin fulgte opp med ein fin 6. plass, medan Pia Sylvester-Davik og Ingrid Jersin Søgaard frå Tertnes alpin og Voss alpint fulgte opp med 20. og 25. plass i same klassen. For å understreke den sterke jenteklassen frå hordaland, så vart også Eva Isabella Pugh Armentano og Mia Therese Ervik Opheim henholdsvis nummer 45 og 46. Imponerande! I gutar 14 år så gjorde Eskil Lødemel eit godt renn med sin 20. plass. 

Laurdag og storslalåm

Sunniva Valestrand Øen er god i storslalåm også, og vart nummer 24 i klasse jenter 13. I gutar 13 år gjorde Michael Birkelund Øyjordsbakken frå Fana alpint det bra med sin 38. plass. I jenter 14 år fulgte jentene opp med 2 på pallen!  Jenny Larsdatter Astrup Sjøtun som frå før hadde ein 3. plass, slo til med 1. plass og Madeleine Sylvester-Davik, som frå før hadde 6. plass, hoppa opp på 3. plass. Imponerande innsats av dei unge alpintjentene frå hordaland. Ingrid Marie Jersin Søgaard frå Voss alpin fekk ein flott 15. plass i same klassen og Mia Therese Ervik Opheim frå Voss alpin fulgte opp med sin 44. plass. Blant 14-åringane plasserte Eskil Lødemel seg på ein fin 31. plass denne dagen.

Søndag med slalåm  

Blant jenter 13 år, så gjorde Sunniva Valestrand Øen enda ein solid konkurranse og vart nok ein gong nummer 21. Stabilt høgt nivå på dei ulike disiplinane for tertnesalpinisten. I jenter 14 år fortsatte hordalandsalpinistane å plassere seg på pallen. Denne gong var det Madeleine Sylvester-Davik som var øverst av våre med sin 2. plass. Ingrid Jersin Søgaard imponerte med sin 7. plass medan klubbvenninene frå Voss, Jenny Larsdatter Astrup Sjøtun og Mia Therese Ervik Opheim fulgte opp med hhv 15. plass og 33. plass. Mathilde Nygård Havre frå Tertnes alpint vart nummer 48 i den imponerande hordalandsklassen. blant gutane i 13 års klassen var det Sondre Melø som gjorde det skarpast med sin 33. plass. I gutar 14 vart Elias Aleksander Kyte Fana alpint nummer 48.

Alpintgjengen frå hordaland har hatt ei kjekk rennhelg i lag. Det vart arbeida godt av både trenarar, leiarar og dei supre ungdomane, kan det meldast. Når det gjeld resultat, så gav også laginnsatsen statusen som fjerde beste skikrets. Skikretsen gratulerer alpintgjengen med flott innsats!

Nokre bileter av ei innhaldsrik helg for dei unge alpinistane frå hordaland. 
                        Førebuing med dyktige trenarar før laurdagens storslalåm. 


Premieutdeling med 2 glade jenter frå hordaland på pallen! Jenny Larsdatter Astrup Sjøtun nummer ein og Madeleine Sylvester-Davik nummer tre. 


Ikkje noko å sei på premieringa for "hordalandsbordet".

-Ein super gjeng å vere på renn i lag med, vert det sagt.

Komplette resultat og fleire hordalandsalpinistar. 

Resultat Telenorleikene alpint 2019

nif-epi04, 04