Hopp til innhold

Hordalandsalpinistar på hovudlandsrenn

Det var eit innhaldsrikt rennprogram for alpinistane frå hordaland som var med på hovudlandsrenn i Oppdal forrige veke. Det var mange gode resultat, med pallplass både individuelt og på lagkonkurransen som høgdepunkta.

Under det uoffisielle Noregsmeisterskapet for 15- og 16 åringar i Oppdal fekk våre alpinistar testa nivået mot dei beste i sin alder frå resten av landet. Dette fekk dei gjort både i tekniske- og farts øvelsar. I tillegg var det lagt inn ein superkombinasjon og ein kretsvis team-event for våre unge alpinistar. 

Veka starta med fartsøvelsar. Først ut på programmet var utfor. Blant våre gutar, så var det Hans Grahl-Madsen, Fana alpint, som utmerka seg med ein flott 7. plass. Arne Andreas Rasmussen, også frå Fana alpint, vart nummer 35.  Blant jentene var det Christina Moros Jacobsen, Tertnes alpin, som leverte best med sin 9. plass. Isabella Napsøy Knutsen og Camilla Kvamstø Frotjold, begge frå Tertnes alpin, fulgte opp med 27. og 28. plass. 

Dagen etter utfor var det duka for super g og nok ein gong var det Hans Grahl Madsen som gjorde det best, og nok ein gong vart det 7. plass. Arne klatra på resultatlista med sin gode 17. plass. Me nemner også Troy Norbakk Brandseth, Voss alpin, med sin 42. plass. Blant jentene var det Christina som var best med 9. plass også i super g. Ingebjørg Hollevik, Samnanger IL, gjorde sine saker bra med sin 19. plass. 

Utøvarane fekk også prøve superkombinasjon under årets hovudlandsrenn. Her var det super g etterfulgt av slalåm. Blant gutane så viste den allsidige alpinisten Hans at han også beherskar dei tekniske øvelsane og slo like godt til med ein super 2. plass!Arne gjorde det også godt med sin 22. plass og Troy klatra på resultatlista med sin 33. plass. Hos jentene var det Christina som gjorde sine saker best og vart nummer 10. Stabilt høgt nivå på Tertnesalpinisten, som også var blant dei 3 beste i sin årsklasse (2004) i alle renn utanom i slalåm, der ho køyrde ut. Ingebjørg og Camilla vart her nummer 36. og 37. 

Under laurdagens storslalåmkonkurranse var det nok ein gong Hans som gjorde eit toppløp og plasserte nære pallen med sin 5. plass. Troy vart her nummer 36 og Andreas Haugland Jørgensen, Fana alpint, vart nummer 42. Christina vart enda nærare toppen av lista med sin flotte 8. plass. Ingebjørg fulgte opp med ein god 16. plas og Isabella gjorde sine saker bra med 24. plass. 

Under slalåmkonkurransen viste Hans Grahl-Madsen nok ein gong imponerande køyring og var så nære pallen ein kan kome med sin 4. plass. Torje gjorde det fint med sin 34. plass. Blant jentene var det Miriam Vevatne Skeie, Voss alpin, som gjorde det best med sin gode 21. plass. 

Glade hordalandsalpinistar med 2. plass under laurdagens team-event.  

Under Team-eventen, som var ei kretsvis utslagskonkurranse i slalåm, stilte Hordaland opp med Christina Moros Jacobsen, Hans Grahl-Madsen, Miriam Vevatne Skeie og Arne Andreas Rasmussen. Dei imponerte stort, og svinga seg heilt til finalen. Der vart det 2. plass bak Oslo skikrets. Dei unge hordalands alpinistane fekk vist at nivået på skikøyringa i skikretsen er bra samanlikna med dei andre skikretsane. Noko som er bra for motivasjonen til dei unge alpinttalenta i kretsen!  

Sjå resultat og fleire hordalandsalpinistar under. 

Resultat hLR alpint gutar 2019

Resultat hLR alpint jenter 2019

NIF-EPI01, 01