Hopp til innhold

Tour de Hardanger

Til helga vert det Tour de Hardanger med tre renn på to dagar. Dette er også siste helga med kretscup før finalen på Vestlandske skistemna. Sjå informasjon, middagsinvitasjon og påmeldingslink.

Til helga inviterer Røldal IL og IL Korlevoll - Odda til Tour de Hardanger med start på laurdag med både sprint og distanserenn på same dag. Sjå informasjon om arrangementet på Røldal IL si heimeside.   

Påmelding Tour de hardanger Hugs frist 14. mars. Frå 11 år så melder de dykk på for heile helga ved å melde dykk på prologen. Dei yngste melder seg på kvar enkelt dag.

Dette vert ei annleis og kjekk langrennshelg, og idrettslaga inviterer til sosiale aktivitetar for alle. 

Middagstilbod og kahoot

Skysstasjonen i Røldal ( like ved arena), tilbyr middag ( gryterett) til alle som vil.
Klokkeslett : Kl. 18.00

Prisar : Kr. 140,- for vaksne

             Kr.  70,- for born mellom 6 og 12 år.

Påmelding til Skysstasjonen tlf. 934 95 156

Røldal IL og Korlevoll IL arrangerar Kahootkonkurranse for alle etter middagen !!

NIF-EPI02, 02