Hopp til innhold

Sjur rundar av eit eventyrleg VM med bronse på 5- mila under VM på ski i Seefeld. Avslutninga enda i ein knepen spurtsiger over lagkamerat Martin Johnsrud Sundby. (NTB - Scanpix)

Sjur med eit VM for historiebøkene

Sjur Røthe runda av VM på ski i Seefeld med bronsemedalje på 50 km. Før dette tok vossingen med seg gull på 30 km med skibyte og gull med det Norske stafettlaget på 4 x 10 km. Hordaland skikrets har fått sin fyrste individuelle vinnar av VM og skihistoria som skal skrivast er med ein vossing med gullskrift.

Det vart eit fantastisk VM for Sjur Røthe, Voss IL. Etter nokre trøblete sesongar, og spesielt fjorårets, har det denne sesongen vore ein jamnt god sesong frå konkurransane byrja i midten av november. I spesielt friteknikk har Vossingen vore heilt i toppen gjennom sesongen. Med det som grunnlag, så hadde nok Sjur all grunn til å ha forventningar til årets VM i Seefeld. At det skulle ende med to gull og ein bronse var nok allikevel i overkant å forvente. 

Det var på 30 km skiathlon laurdag 23. februar at det historiske gullet til Sjur Røthe vart sikra. Han var med i toppen gjennom den klassiske delen, der feltet sprakk opp og det endte opp med ei mindre gruppe i front. Ut på friteknikk delen vart det gått jamnt og det heile vart avgjort mellom dei 3 medaljevinnarane på oppløpet. Her var Sjur kaldast og sterkast etter det tøffe løpet, og avgjorde gullkampen til sin fordel. 

Innspurten på det historiske gullet på 30 km skiathlon laurdag 23. februar. Foto: NTB Scanpix

Sjur med stolte foreldre Randi Kirsten Røthe og Steinar Røthe, etter gulløpet. Foto: NTB Scanpix

Sigersseremonien med Nasjonalsang og høgtidleg hyllest av den nybakte Verdensmeisteren. Foto: NTB Scanpix

Gullfangsten var ikkje over etter 30 km. Vel fortent vart Sjur Røthe teken ut på det Norske stafettlaget på 4 x 10 km. Her gjennomførde han ein solid 3. etappe, som gjorde at Johannes Høsflot Klæbo fekk eit godt utgangspunkt for sin 4. etappe, som endte med gull for det Norske laget. Med på laget var også Emil Iversen og Martin Johnsrud Sundby

Stolte gullvinnarar på det Norske stafettlaget under sigersseremonien. Foto: NTB Scanpix

Soga om Vossingen på medaljefangst sluttar ikkje før siste dag med 5-mila og ein styrkeprøve for slitne kroppar. Det var nok på 5- mila Sjur hadde sett føre seg at det beste rennet hans skulle gå. Det vart ikkje heilt det beste, men det vart eit strålande løp som enda med bronse, etter ein medaljefangst med 2 gull før i meisterskapet.

Det måtte spurtast på 5-mila også. Her vart det knappast mogleg margin. Foto: NTB Scanpix

Undervegs vart også Sjur teken ut til å gå 15 km klassisk, som endte med 7. plass. Som også er eit flott resultat, men med 2 gull og 1 bronse, hamna det gode klassiskrennet litt i skuggen av den fantastiske medaljefangsten. 

Hordaland skikrets gratulerer Sjur med eit fantastisk VM og er stolte over at Voss IL og Hordaland skikrets har ein skiløpar og menneske som deg å sjå opp til!  

NIF-EPI01, 01