Hopp til innhold

Her frå fjorårets Hovudlandsrenn i Hemsedal. I år går turen til Oppdal.

Påmelding overnatting hovudlandsrennet Oppdal 2. - 7. april

Her er oppdatert informasjon om Hovudlandsrennet på Oppdal med påmeldingslinkar til overnatting og renndeltaking. Hordaland skikrets organiserer overnatting og oppfølging av trener på renna.

Under ligg påmelding til overnatting for våre deltakarar og foreldre. Frist for å melde på for overnatting er same dag som rennpåmeldingsfristen - tysdag 19.mars.

Påmelding overnatting for utøvar og foreldre hl Oppdal 2019

Sjå informasjon om hovudlandsrennet på arrangøren si heimeside.

Me har i år genser til alle deltakarane frå Hordaland. Hugs å marker størrelsen på genseren under påmelding til overnatting. Dei er unisex størrelsar. 

Skikretsen oppdaterer per mail til deltakarane med meir informasjon når det nærmar seg arrangementet. 

Påmelding til renna finn de link til her! Hugs fristen for påmelding er tysdag 19. mars. 

Me er heldige som har kjekke bidragsytarar til våre unge alpinistar. Samarbeidspartner for våre nasjonale renn i alpint er: 


nif-epi04, 04