Hopp til innhold

Spente første-års juniorar frå hordaland under junior NM i langrenn på Savalen ved Tynset.

Langrennsløparane på Junior-NM

Hordaland skikrets sine langrennsjuniorar stilte i helga på junior NM på Savalen. Topp innsats av våre og fleire fekk flotte resultat.

NM på ski for juniorane i langrenn vart i helga arrangert på Tynset og Savalen skiarena. Våre utøvarar budde på Orkelbogen og konkurransane bestod av ein individuell klassisk distanse på fredagen, ein individuell friteknikk distanse på laurdagen og stafettkonkurranse kretsvis på søndagen. 

fredag og klassisk distanse

Her var det 5 og 10 km på programmet. Av gode resultat nemner me: I jenter 17  vart Maria Hydle, Viljar IL, nummer 38 og Tirill Vestrheim Skjerven, Bulken IL, nummer 50. I jenter 19/20 år vart Eivor Vestrheim Skjerven, Bulken IL, nummer 27 og Anniken Ravnå, Tif Viking, Nummer 77. 

Blant gutane så gjekk Bård Olav Steinsland, Røldal IL, seg inn til ein god 19. plass. Hakk i hel fulgte Simen Lilleås Engevik, Stord IL med sin 20. plass. I same klassen vart Daniel Dukstad, Voss IL, 56. og Eskil Tveiten, Voss IL, nummer 81. Blant våre 18-åringar, så var det Jonathan Gjerstad Skjerping med 61. plass føre Elias Mostraum, Osterøy IL, med 62. plass som var best. Vetle Martinsen, Fana IL, hakk i hel med ein god 69. plass og Stian Klette, Viljar IL, vart nummer 98. I den eldste guteklassen 19/20 år, så var det Olve Ure, Voss IL, som var best med sin 99. plass. Ingmar Leigland Njaa vart her nummer 112. 

Resultatmessig var denne dagen litt under pari ut i frå tidlegare Norgescuprenn, men slik er langrenn. 

Laurdag friteknikk

Denne dagen var det lengre distansar, når det var frå 10 km til 20 km som stod på programmet. Dei litt lengre distansane verka å passe våre godt. Me nemner: Jenter 17: Tirill Vestrheim Skjerven enda på 23. plass, Maria Hydle vart nummer 43. Vilde Alfstad Olsen, Tif Viking, sin 86. plass og Kamilla Øvretveit, Nordhordland skiklubb, som vart nummer 90. I jenter 18 år så fekk Ingeborg Senderud Wæhle, Voss IL, ein flott 60. plass. I eldste jenteklassen 19/20 år, så gjekk Eivor eit solid løp og vart nummer 28. Julie Øvretveit, Nordhordland skikl, vart nummer 75. 

Blant gutane, så var det eit godt steg opp på mange denne dagen. I gutar 17 år så klinka Bård Olav Steinsland Medhus til med 7. plass. Simen Lilleås Engevik fulgte opp med ein god 13. plass. Daniel Dukstad tok også eit lite sprang opp med sin 27. plass og Torjus Klette, Ørnar IL, fulgte opp med ein fin 42. plass. Eskil Tveiten forbetra også fredagens resultat med sin 73. plass. I 18 års klassen var Elias Mostraum god med sin 24. plass og Fredrik Galaaen Røthe, Voss IL, lyfta seg opp på ein 59. plass. I den eldste guteklassen 19/20 år, tok Olve Ure eit godt steg opp på resultatlistene med sin flotte 47. plass. 

Søndag med kretsvise stafettkonkurransar

På stafetten søndag, så stilte Hordaland skikrets med 2 jentelag og 5 gutelag. Litt sjukdomsfråfall før NM gjorde at me ikkje kunne stille fleire. Laga frå Hordaland gjorde seg ikkje vekk i konkurranse med dei andre kretsane i landet, men nivået er knalltøft i konkurranse mot dei større skikretsane. 

Jentelaga enda på 21. plass og 57. plass til slutt. Blant gutane så var det fire lag. Og det skulle vise seg at fyrste- og andrelaget vart særs jamne. Dei vart til slutt nummer 26 og nummer 28. Her må spesielt nemnast ein superetappe av Jonathan Gjerstad Skjerping, Osterøy IL, på andrelaget. Det var mange som gjorde gode etappar denne dagen på alle våre lag.  Og lag nummer 3, 4 og 5, gjorde sine saker bra dei også, og enda på 64. plass, 72. plass og 101. plass  

Sjå bilete frå NM under. Takk til utøvarane for super innsats og ei stor takk til støtteapparatet til skikretsen som legg til rette for at utøvarane skal ha det bra på skirenn på alle vis. 

Resultat Junior NM på ski - langrenn 2019

NIF-EPI03, 03