Kretscup finale og stafett
Voss IL inviterer til laurdagens Vestlandske skistemna som også er finale i vår kretscup for 13 - 20 års klassane. Søndag vert det KM Parkstafetten. Begge deler vert arrangert i Voss ski- og tursenter.
Til helga vert det ei langrennshelg med både skiathlon og stafett, der både finale i kretscupen og kretsmeisterskap er baka inn i programmet.
Laurdag vert det Vestlandske skistemna i friteknikk og skiathlon.
På laurdagen vert det eigen premieutdeling for kretscupen med både pokalar til dei 3 beste i kvar klasse, samt mange kjekke uttrekkspremiar bla frå vår kretscup-sponsor Voss sparebank.
Sjå informasjon og meld dykk på her! Hugs frist onsdag 20. mars.
Søndag vert det KM Parkstafetten, også arrangert i Voss ski - og tursenter. Sjå informasjon og meld på lag her! Også frist onsdag 20. mars.
Samanlagtstilling i kretscupen 17.03.19
Me gledar oss til ei kjekk sesongavslutning på Voss!