Hopp til innhold

Kjekt å vere på tur og oppleve Holmenkollen med fullt trøkk.

Kong Haralds ungdomsstafett i Holmenkollen

Den årvisse Kong Haralds ungdomsstafett for 15 - og 16 åringar gjekk av stabelen under verdscupkonkurransane i Holmenkollen i helga. Hordaland skikrets stilte med 2 lag.

Det var ein flott gjeng frå hordaland skikrets som i helga tok turen til Oslo og Holmenkollen for å delta på stafett og oppleve "Holmekollstemninga". Skikretsen stilte med 2 lag som fekk brynt seg mot dei beste i landet i sine årsklassar. 

For Hordaland skikrets stilte: 

Lag 1. 
Amalie Galaaen Røthe     Voss IL
Ingrid Brattabø                   Osterøy IL
Sondre Myking                   Osterøy IL
Kolbein O Klette                 Viljar IL

Lag 2.
Marie Mostraum               Osterøy IL
Åsine Skattum                  Voss IL
Marius Flatebø                   IL Vargar
Jonas Hauger                     Kvam LSK

Dei to laga gjorde sine saker bra i den tøffe konkurransen og laga enda på 17. plass og 23. plass i denne mixstafetten. 

Resultat Kong Haralds ungdomsstafett 2019

Deltakarane frå Hordaland reiste med tog over til Oslo og fekk vore tilskodarar på laurdagens 5-mil, fekk truffe kjende skiløparar og vore med på bankett, før stafetten og togreise heim att. Ei innhaldsrik helg for våre deltakarar!   

nif-epi04, 04