Hopp til innhold

Det var flotte forhold under årets hovudlandsrenn på Gålå.

Kjekt å vere med på hovudlandsrenn

Det vart ein flott opplevelse for våre langrennsløparar som var på hovudlandsrenn på Gålå. Flotte løyper og eit godt arrangement gjorde sitt til den gode opplevelsen. Fleire gjorde også sine beste skirenn mot landets beste 15- og 16 åringar.

Renna på Gålå i helga var uoffisielt NM på ski for 15- og 16 åringar. Hordaland reiste over med 20 deltakarar og same antal foreldre, som utgjorde eit godt støtteapparat. Hovudlandsrennet bestod av individuelt distanserenn i friteknikk på fredagen, sprintkonkurranse i klassisk teknikk på laurdag og stafettar på søndagen. I tillegg vart det arrangert ein langrennskross på laurdag for dei som ikkje kvalifiserte seg til finalane. 

Korleis gjekk det med våre løparar i kamp mot dei beste ungdomane i landet? Jo, det skal eg oppsummere. 

Fredag distanse friteknikk 

Blant jentene så hadde me ei kjekk deltaking for hordaland skikrets med Guro Femsteinevik, Hålandsdalen IL, som vanlegvis driv med skiskyting. Ho deltok i jenter 15 år og klinka til med ein strålande 5. plass.  Ingrid Fareth Aas, Voss IL, gjekk godt og vart nummer 43. Klubbvennina Amalie Galaaen Røthe var hakk i hel på ein 49. plass. Marie Mostraum frå Osterøy IL vart nummer 61 i same klassen. I 16 års klassen, så imponerte Ingrid Brattabø med 31. plass. Åsine Skattum, Voss IL, imponerte også med sin 34. plass. 

Blant gutane så nemner me Sondre Myking sin flotte 38. plass i gutar 15 år. I same klassen gjorde også Marius Flatebø eit godt renn med sin 53. plass.  Blant gutane i 16 års klassen fekk Kolbein Klette ein fin 67. plass og Aasmund med ein god 79. plass. 

Det var over 300 deltakarar i enkelte klassar, så det er imponerande resultat. Sjekk ut fleire hordalandsdeltakarar på resultatlinken for fredagens langrenn.  

Resultat fredag distanse friteknikk

Laurdag klassisk sprint 

Laurdag var det duka for sprint. Blant våre deltakarar var det ingen som kvalifiserte seg til finalane, men gode plasseringar og kort veg opp til finalene for fleire av våre, som er inspirerande for neste mulighet i hovudlandsrennet eller juniorklassane. Det var Amalie Røthe, som var nærast finalane med sin 42. plass i jenter 15. Her var Marie Mostraum også bra med med sin 53. plass. Blant gutane var Sondre Myking nærast med sin 51. plass. For dei som gjekk ut før finalane vart det ein mulighet i langrennskross, og her vart Guro Femsteinevik raskast av alle og vann denne i jenter 15. Imponerande av jenta frå Strandebarm. 

Resultat frå laurdagens klassiske sprint og langrennskross 

Søndag med stafett

Søndagen fekk våre jenter og gutar vere med på stafett mot dei andre skikretsane. Her gjorde jentene det imponerande bra med 10. plass og 35. plass med våre to lag. Det var 85 lag som fullførde stafetten. I tillegg gjennomførte tredjelaget dei tre første etappane, men mangla den siste deltakaren. Gutane stilte med to lag og gjorde sine saker bra med 32. plass og 54. plass blant 125 fullførande lag. 

Jentene imponerte med sin 10. plass under årets stafett på hovudlandsrennet. 

Takk til alle foreldre og støtteapparat som gjorde turen til Gålå og renna til ein kjekk oppleving for våre deltakarar. Berre godord om samarbeidet og arbeidet for våre kjekke utøvarar! Her med smørjesjef Bernt Johan Flæsland sentralt plassert. 

NIF-EPI01, 01