Hopp til innhold

Sjur Røthe, Voss IL, viste VM-form under NM på ski i Meråker. Her ligg han fremst i feltet på laurdagens skiathlon som endte med sylvplass. (Utklipp Avisa hordaland)

Viste seg fram under NM på ski

Løparane frå Hordaland skikrets, som var med under NM på ski i Meråker forrige veke, viste seg fram med både strålande prestasjonar og drama.

Det var ein liten delegasjon, grunna sjukdom, som stilte under NM på ski. Det som var med derimot, dei slo til med toppresultat eller gode renn alle saman. 

NM-veka starta med 10 og 15 km klassisk. I dameklassen var det Karoline Simpson-Larsen frå Vargar som var einaste deltakar frå Hordaland. Team Veidekke Vest-løparen slo til med sin beste prestasjon så langt med ein strålande 15. plass. 
I herreklassen stod landslagsutøvaren Sjur Røthe over med tanke på laurdagens amerikanske uttakning til VM i skiathlon. Klubbkamerat Vebjørn Turtveit stilte opp og leverte eit fantastisk klassisk løp, og enda på ein strålande 5. plass. Gaute Kvåle frå Røldal fulgte opp med  28. plass. For fanaløparen Daniel Instanes så vart det bestenotering i NM-samanheng med ein finfin 47. plass. Fyrsteårssenioren Skjalg Espeland frå Jondal IL gjekk også eit godt renn og enda på 89. plass. 

Vebjørn Turtveit, til venstre, under premieutdelinga for 15 km klassisk.

Under fredagens sprintrenn var det Einar Flaktvedt Moxnes frå Tif Viking som viste seg fram. Etter å ha kvalifisert seg til finalane, så var det berre små marginar som skilde i heatet frå å gå vidare til semifinalane. Det vart akkurat ikkje for Einar denne dagen, som difor endte med ein god 25. plass til slutt.

Laurdagen var det skiathlon og her vart det både NM-medalje og drama. 
Karoline Simpson-Larsen gjekk eit jamnt bra renn, og sjølv om det ikkje var like bra som torsdagens klassiske renn, så vart det ein solid 22. plass på vargarløparen, som også er med på Team veidekke vest. 
Sjur Røthe, som stod over klassiskdistansen, viste kvifor han vert å finne på startstreken når 30 km med skibyte vert arrangert under VM på ski i Seefeld seinare i februar. Han var i teten heile vegen og viste på slutten at han også er ein god avsluttar. Det enda på ein overbevisande sølvplass for Sjur Røthe på denne distansen. Gaute Kvåle var også med teten heile vegen og imponerte stort med sin karrierebeste 9. plass. Det hadde vore perfekt for hordaland skikrets om også Vebjørn Turtveit hadde kome til mål utan uhell. Det skjedde ikkje. Han hekta skia, fall, mista skia og tetfeltet. Det gjorde at eit muleg toppløp vart byta ut med ein hederleg 27. plass. Daniel Instanes enda på 73. plass og Einar Flaktvedt Moxnes vart nummer 90. 

Gaute Kvåle frå Røldal og Team veidekke vest imponerte stort med sin 9. plass i det tøffaste startfeltet under årets NM på ski. 

Søndagens stafett vart ei bekrefting på at Sjur Røthe held toppnivået. Etter ein solid fyrsteetappe overtok ein noko revansjelysten Vebjørn Turtveit, etter fallet dagen før. Han gjorde ein strålande andre etappe og sende Thomas Fenne i veg i lag med Lyn ski heilt i tet. Det var mange sterke lag med i år og Voss IL enda på ein fin 10. plass  til slutt. Røldal IL stilte også med stafettlag. Dei enda på ein 55. plass blant dei 92 fullførande laga. 

Resultat NM på ski Meråker 2019

Sjå saker i Avisa Hordaland om NM på ski.

NIF-EPI01, 01