Hopp til innhold

Vel gjennomført NM hopp og kombinert junior

Det vart eit særs vellukka arrangement av Vossaklubbane, når det i helga vart invitert til NM i hopp og kombinert for junior. Tre konkurransar for kombinert og to konkurransar for hopp vart arrangert fredag, laurdag og søndag på Voss.  

Kombinertkonkurransen vart gjennomført under topp forhold både i nye Bavallsbakken og på Voss ski- og tursenter. Sjå resultat frå dei 3 konkurransane under.

 Start på laurdagens sprint for herrene. 

Gyda Westvold Hansen, Nansen IL, går i mål til siger på laurdagens sprint. 

Premiepallen under søndagens teamsprint. Hedmark skikrets på dei 2 fyrste plassane og akershus skikrets på tredje plass.

Teamsprinten for menn gav NM gull til akershus skikrets, medan oppland og hedmark skikrets vart nummer to og tre. På fjerde plass enda mikslaget til buskerud og oppland. 

resultat Kombinert Normalprogram 5 km og 10 km 

Resultat kombinert sprint 2,5 km og 5 km

Resultat team sprint 

Hoppkonkurransane under årets NM vart gjennomført i nye Bavallsbakken. Dei bestod av individuell normalbakke og kretsvis lagkonkurranse. Den oppgraderte hoppbakken gav mykje lovord blant deltakarane. Det har vore ein fantastisk dugnadsinnsats som har ført fram til denne NM-helga.  Dei nye isspora i bakken, og reparasjonane som har vore nødvendige er gjennomført gjennom dei siste halvtanna åra, og har vore avgjerande for å kunne gjennomføre eit slikt omfattande arrangement som helgas NM hopp og kombinert for junior. 


Resultat NM junior normalbakke 

Resultat NM junior laghopp kretsvis

Arrangøren vil takke alle tilreisande og deltakarar, for flotte konkurransar, sponsorar for støtte og alle dei gode funksjonærane i hoppbakken og på Voss ski- og tursenter for super dugnadsinnsats for å få til eit så flott arrangement.

NIF-EPI03, 03