Hopp til innhold

Eivor Vestrheim Skjerven med superløp under helgas norgescup på Åsen. (Vossalangrenn)

Hordalandsløparar på Norgescup

Det var mange som leverte gode renn i norgescupen på Åsen, når juniorane i langrenn hadde si andre nasjonale rennhelg. Det vart til og med pallplass.

Det vart ei kjekk helg under Norgescupen på Åsen for løparane frå Hordaland. Ikkje minst resultatmessig, der fleire gjorde sine beste plasseringar i norgescupen. 

Fredagen var det klassisk på programmet

Gutane i M17 slo til med fleire topplasseringar. Her nemner me spesielt Simen Lilleaas Engevik frå Stord IL, som i år går på NTG Geilo, som gjorde eit flott renn og enda på 14. plass i si klasse. Bård Olav Steinsland Medhus frå Røldal, som i år går på Hovden skigymnas, enda på ein fin 25. plass. I M18, gjorde Elias Mostraum frå Osterøy IL eit veldig godt renn og vart nummer 12 totalt. Jonathan Gjerstad Skjerping, også frå Osterøy IL vart nummer 58, og Stian Klette, Viljar IL, med ein oppløftande 76. plass etter lang tid utanfor konkurranse. I den store M19/20 års klassen vart Ingmar Leigland Njaa frå Kvam LSK nummer 96 og Olve Ure, Voss IL, nummer 97. 

Blant jentene nemner me spesielt Mari Fjellbirkeland Johannesen, Fana IL sin imponerande 28. plass. I same klassen vart Tiril Vestrheim Skjerven, Bulken IL, nummer 41 og Maria Hydle, Viljar IL, nummer 43.  I den eldste K19/20 så enda Eivor på ein god 14. plass og lagveninne frå Bulken IL, Emma Skjoldli vart 28. 

Laurdagen med sprint 

Her var det fleire som dukka opp med gode resultat. I M17 vart Simen nummer 22 og Torjus Klette, Ørnar IL, vart 25. Daniel Dukstad, Voss IL, som er klassekamerat med Stian Engevik på NTG Geilo, vart nummer 40. Like bak imponerte Tobias Græsdal Pedersen, Kvam LSK, med sitt beste resultat og 45. plass. I klassen M18 var det trioen frå Osterøy IL, med Torjus Refsnes 11. plass, Jonathan Gjerstad Skjerping 21. plass og Elias Mostraum 22. plass som imponerte. Blant jentene vart Tiril Vestrheim Skjerven nummer 34 i K18. I eldste klassen K19/20 imponerte Eivor og Emma med sine 9. og 12. plassar. Anniken Ravnå, Tif Viking vart nummer 41. 

Søndagen med friteknikk og pallplass

Søndagen vart det ein enda betre laginnsats for hordalandsløparane.  I M17 slo Simen til med ein imponerande 7. plass. Daniel fulgte opp med ein super 9. plass og Bård Olav gjorde nok eit godt renn med sin 28. plass. Torjus Klette gjorde også eit godt løp med sin 33. plass i same klassen. Eskil Flisram Tveiten, Voss IL, gjorde eit solid løp med 77. plass. I M18 plasserte Elias seg på enda ein flott 12. plass. Fredrik Galaaen Røthe, Voss IL, gjorde eit godt renn og vart nummer 40.  Stian Klette vart nummer 60 i same klasse og Torjus Refsnes nummer 70. I eldste guteklassen M19/20 vart Olve Ure, Voss IL, nummer 70. Blant jentene løfta Tiril seg på resultatlista med ein flott 18. plass. Maria løfta seg også og fekk ein fin 27. plass. Begge i K17. I K18 vart Ingeborg Senderud Wæhle nummer 55. I den eldste jenteklassen slo Eivor Vestrheim Skjerven til med eit superløp, som enda med 2. plass! Emma vart her nummer 35 og Anniken enda på 45. plass. 

Flott laginnsats og mange løparar som gjorde sine beste renn. Sjå resulat frå renna og fleire hordalandsløparar under. 

Resultat Norgescup junior Åsen 08.-10. februar 2019

 

Eivor Vestrheim Skjerven, Bulken IL, imponerte med 2. plass på søndagens distanse i friteknikk!

Ingmar Leigland Njaa, Kvam LSK, undervegs på fredagens klassiske distanse. 

NIF-EPI01, 01