Hopp til innhold

Bulken IL inviterer til inspirasjonskurs

Velkomen til inspirasjonskurs for trening av barn og ungdom med Marianne Mykebust frå NSF/utviklingsavdelingen. Dalane skianlegg søndag 17. februar.

Trenarar og foreldre for klubbane i hordaland er hjarteleg velkomne til kurs på Dalane skianlegg - Bulken, søndag 17. februar. Dette er eit praktisk kurs, som gjev inspirasjon rundt trening av barn og ungdom, og som gjev nye tankar og praktiske tips rundt trening og utvikling av skiferdighet for barn og ungdom. 

Innhald: 

10.00 - 11.30: Praksis i skiløypa med ski. 

11.30 - 13.00: Det serveres lunsj til deltakarane på fjellstova m/teori.

13.00 - 14.00: Praksis i skiløypa med ski. 

Kurset er gratis, men hugs å meld dykk på slik at den praktiske delen kan planleggast i lag med lunsj. Frist torsdag 14. februar. 

Påmelding mail: Anne Louise Flage Norheim  

For informasjon og ev oppdateringar rundt kurset, følg med på:

Bulken IL - Facebook

nif-epi04, 04