Hopp til innhold

Invitasjon til alpintleik i Myrkdalen

Alpintgruppene i Eldar IL og Fana IL arrangerer telenorkarusell for alle born tom. 12 år i Landsbybakken sundag 29. desember kl 1230.

Møt opp i Landsbybakken sundag 29. desember kl. 1230, med påmelding frå 1130.

Klubbane ynskjer velkomen til eit lavterskel arrangement der du både kan konkurrere mot deg sjølv, klokka, eller teste kor mange kilometer i timen du køyrer. Det vert ei enkel superslalomløype som passer for alle, der du kan køyre så mange rundar du klarar, og ei snill glidløype for å teste fart. Flotte premiar, samt drikke og pølser til alle deltakarane. Deltakaravgift kr 40 (du kan betale med vipps).

NIF-EPI02, 02