Hopp til innhold

Sjur Røthe undervegs på laurdagens 30 km med skibyte. (Avisa Hordaland)

Imponerande resultat av hordalandsløparar

Landslagsløparen Sjur Røthe, fekk denne helga følge av Vebjørn Turtveit, Gaute Kvåle og Karoline Simpson-Larsen til start under verdscuprenna på Lillehammer. Det enda med verdscuppoeng til heile bunten!

Det var ei spesiell helg på Lillehammer for hordaland skikrets, når heile 4 løparar frå kretsen vart tekne ut til verdscupdeltaking. Sjur Røthe si verdscupdeltaking er me bortskjemte med, men det vart denne helga med følge av 3 løparar på det hardtsatsande  Team Veidekke Vest, også frå hordaland skikrets. 

Dei 4 startande enda som sagt opp med poeng alle saman. Karoline Simpson-Larsen, Vargar IL fekk sin verdscupdebut, og slo til med ein 28 plass i det det ypperste startfeltet. 

Sjå sak om rennet til Karoline i Avisa-Hordaland

Gaute Kvåle, Røldal IL var ein av herrene som også stilte til start på laurdagens 30 km med skibyte. Her imponerte han i det gjevaste selskapet og var tett på dei beste med sin 15. plass.

Sjå sak om Gaute Kvåle i Hardanger folkeblad

Frå Voss IL hadde me to startande. Vebjørn Turtveit, som har gjort fleire toppløp også i verdscupen, viste at han held nivået med sin flotte 12. plass på 30 km med skibyte. Landslagsløpar Sjur Røthe, gjorde eit solid løp med 6. plass.

Sjå sak om laurdagens renn for utøvarane frå Voss i lokalavisa     Avisa-Hordaland

Søndagens renn under verdscupen på Lillehammer bestod av stafett. Her var Sjur Røthe og Vebjørn Turtveit tekne ut på henholdsvis 1. og 2. laget til Noreg. Det viste seg å verte svært jamnt til slutt mellom desse laga, og ein god spurt frå Vebjørn på 2. laget haldt nesten til 3. plass. Der hamna i staden 1. laget og Sjur Røthe.

Sjå sak om stafetten i Avisa-Hordaland. 

Resultat laurdagens 15 km med skibyte kvinner

resultat laurdagens 30 km med skibyte menn

Resultat søndagens 4 x 7,5 km stafett herrer 

Hordaland skikrets gratulerer og gledar seg til fortsettinga!

NIF-EPI03, 03