Hopp til innhold

Finn Jacobsen (til venstre) tek imot heidersprisen frå leiar i skikretsen Johan Børsheim.

Heiderspris til Finn Jacobsen

Under skikretsen sitt haustmøte på Voss fekk Finn Jacobsen endeleg utdelt sin velfortente heiderspris frå Hordaland skikrets.

Finn Jacobsen Øystese IL, som ikkje kunne vere med på vårt kretsting i vår, fekk i staden sin pris utdelt under årets haustmøte. 

Etterfulgt av sin aktive karriere som varte til 80-talet, har Finn Jacobsen fortsatt si gode gjerning for hoppsporten gjennom både verv i NSF, skikrets og i klubben sin Øystese IL.

Finn har mellom anna:

- lang erfaring som aktiv skihoppar og anleggsansvarleg for Myrabakken hoppanlegg i Øystese
- vore FIS-dommar og kretsdommar heile tida etter aktiv karriere
- administrert dommaroppsett i skikretsen
- ansvarleg for dommaropplæring (seinast forrige sesong vart det mellom anna utdanna fire nye kretsdommara)

Under takketalen vart det eit kjekt gjenhøyr med namna og stadane for dei ulike hoppbakkane i skikretsen, som Finn hadde hoppa i frå han var ein liten gut og framover.  

Finn er eit JA-menneske og ein person som hopp- og kombinertmiljøet og skikretsen er stolte over. Me gratulerer med vel fortent heiderspris til Finn Jacobsen - Øystese IL.

 

NIF-EPI01, 01