Hopp til innhold

Etter eit uttal timar med dugnad er endeleg "Nye Bavallsbakken" klar til å settjast i bruk. Det vert ein flott start med NM hopp og kombinert for junior komande helg.

Vossaklubbane ynskjer velkomne til NM i hopp og kombinert for junior

Til helga vert det nyopning av Bavallsbakken og full fart i løypene på Voss ski og tursenter, når Vossaklubbane inviterer til NM i hopp og kombinert for junior. Sjå programmet og få med deg hopprenn i Bavallen att.

Heimeside NM Voss 2019

RENNPROGRAM HOPP OG KOMBINERT JUNIOR

Torsdag 31.01

kl 12.00 – 15.00 - Voss ski og tursenter open for trening  
kl 15.00 - 18.00 - Bavallen HS 105 open for eigentrening

Fredag 01.02

13.30 - Kombinert lagledarmøte arenahuset Bavallen
14.00 - Hopp lagledarmøte arenahuset Bavallen
15.00 - Kombinert prøveomgang: NCA, KYJR, KEJR MYJR; MEJR
15.35 - Opning, rep NSF 
15.45 - Kombinert rennomgang alle klassar
16.30 - Hopp Offisiell trening 2 omganger – rennstartnummer
19.00 - Kombinert langrenn Voss ski og tursenter – kvinner 5 km, menn 10km
Blomsterseremoni kvinner og menn

Laurdag 02.02

10.00 - Kombinert prøveomgang – alle klassar
10.45 - Kombinert rennomgang – alle klassar
11.30 - Hopp prøveomgang KJR , MJR
12.20 - Opning JR NM hopp – rep NSF
12.30 - Hopp 1. Omgang KJR- MJR
14.00 - Finaleomgang etter ca 20 min pause - 30 beste kvar klasse
Blomsterseremoni ved arenahuset
16.30 - Kombinert langrenn, kvinner 2,5 km – menn 5 km.
Kombinert blomsterseremoni
19.30 NM – bankett med premieutdeling – Meny: Smalahove og vossakorv

Søndag 03.02

10.00 - Kombinert prøveomgang – lagsprint
10.45 - Kombinert rennomgang lagsprint
11.30 - Hopp prøveomgang – mix lag og kretslag
12.15 - Hopp 1.omgang lagkonkurranse
13.15 - Hopp finaleomgang fortløpande
Hopp premieutdeling ved arenahuset
15.00 Kombinert langrenn lagsprint Gunder 2 deltakere x 5 runder a 1,5 km.
Premieutdeling Kombinert lagsprint på stadion

NB! Rennstart for kombinert langrenn på søndagen er uavklart, men vert oppdatert på heimesida til arrangementet ein av dei neste dagane. 

 
NIF-EPI03, 03