Hopp til innhold

Flotte forhold på Sjusete, når Kvam LSK inviterte til kretsmeisterskap i sprint friteknikk på laurdag og klassisk distanselangrenn på søndag.

Vellukka KM-helg på Sjusete

Takk til arrangøren Kvam LSK for flott arrangert kretsmeisterskap i langrenn på Sjusete. Sjå bilete, resultat og oppdatert stilling i kretscupen. Neste helg vert det langrenn i Bergen.

Kretsmeisterskapen gjekk i år i Kvam og på Sjusete skistadion. Her sørga arrangøren for flotte tilhøve og gode konkurransar med laurdagens sprint og søndagens distanserenn i klassisk. Det vart kåra kretsmeistrar i både laurdagens sprint og søndagens klassiske renn i klassane frå 13 år og oppover.  

Resultat KM sprint friteknikk Kvam - laurdag 26. januar 2019


Her ser me Hanna Børve frå Kvam LSK lede an i sitt heat på laurdagens sprint. Ho enda opp med å verte kretsmeister begge dagar. 

Resultat KM klassisk distanse Kvam - søndag 27. januar 2019


Premieutdeling frå søndagens klassiske distanse med seniorklassen fint stilt opp. 

Premiepallen for gutar 16 år på søndagens klassiske langrenn, der Kolbein Olavson Klette frå Viljar vann, føre Jakob Aarskog Sætersdal frå Tif Viking og arrangørklubbens Jonas Hauger på tredje. 

For fleire bilete, sjå sida til Kvam LSK

Samanlagtstilling kretscupen etter KM klassisk Kvam 27.01.19

 

NIF-EPI03, 03