Hopp til innhold

Mari Fjellbirkeland Johannesen frå Fana IL under laurdagens sprint prolog.

Hordalandsløparar på Norgescupen Konnerud

Ein rekordstor delegasjon Hordalandsløparar opna NorgesCup-sesongen for juniorar.

Totalt 39 løparar frå Hordaland deltok på ein eller fleire distansar i flotte løyper på Konnerud ved Drammen 11-13 januar: fristil distanse, klassisk sprint, langdistanse klassisk. Av desse løparane deltok 33 i serviceopplegget til Hordaland skikrets. På blandinga av kunstsnø og gammal natursnø i kuldegradene på Konnerud fekk løparane service av eit velfungerande smørjeteam som traff framifrå med oppskrifter både for feste og glid. 

Beste plassering fekk Eivor Vestrheim Skjerven i kvinner 19-20. Med ein flott 5. plass i fristilsrennet var ho beste Hordalandsløpar, berre 2.2 sekund frå pallplass, og med VM-uttatte juniorkvinner både framfor og bak seg på lista.

I sprintrennet gjekk 4 Hordalandsløparar vidare til kvartfinalar; Eivor Vestrheim Skjerven og Emma Skjoldli i kvinner 19-20 år, og Jonatan Gjerstad Skjerping og Elias Mostraum i menn 18 år. For Bulken-kvinnene Eivor og Emma såg det lenge lyst ut for gå vidare til semifinale, men sterke konkurrentar staka forbi på det dryge oppløpet inn mot mål. Også Osterøy-karane Jonatan og Elias kom godt ut i sine heat, men tapte posisjonar etter knuffing om posisjonar undervegs, og dette øydela sjansane til å vidare.

 Neste sjanse for Hordalands-juniorane i NorgesCupen er i løypene på Åsen i Nannestad, 8-10 februar, der Bjørn Dæhlie utvikla seg til storløpar.


Spente utøvarar frå Hordaland før start på sprinten under Norges Cupen på Konnerud.

Eivor Vestrheim Skjerven (nr 240) mot bla Helene Fossesholm til høgre, som vart nummer 2.

Emma Skjoldli til høgre. Under sitt kvartfinaleheat. 

Jonathan Gjerstad Skjerping med grøn hue, frå starten av sitt kvartfinaleheat. 

Elias Mostraum til høgre, frå sitt kvartfinaleheat. 


God innsats i smørjebua også. Takk til alle dei som bidrog til at det vart ei positiv oppleving for våre deltakarar. 

Resultat Norges Cup junior Konnerud 11.-13. januar

NIF-EPI02, 02