Hopp til innhold

Haustmøte Hordaland skikrets

Hordaland skikrets inviterer til haustmøte på Voss tysdag 9. oktober. Det vert opne greinmøter og ein felles del. Denne kvelden vert det saler som omhandlar m.a. terminlister, Nasjonale renn og kurs på agendaen, samt andre saker om skisesongen som er rett rundt hjørnet.

Skikretsen er glade for å invitere klubbane til opent haustmøte på Voss gymnas tysdag 9. oktober frå 1830.

Programmet består av:

Greinmøter 1830 - 2000

Fellesdel frå 2000-2030

Me brukar dette møtet slik at greinene ev kan gjere ev siste endringar på terminlistene, samt informere og diskutere innhald på både kurs, arrangement og tiltak for skisesongen som kjem. Skikretsen er glade for at flest muleg frå skiklubbane kjem og engasjerer seg i arbeidet til både komiteane og styret i skikretsen. 

Er det innspel på tema eller anna, så berre send mail til:  bernt.rusten@skiforbundet.no 

De treng ikkje å melde dykk på, men berre møt opp på Voss gymnas ved hovudinngangen til 1830. 

Saker som vert tatt opp på haustmøte

1830-2000

Langrenn: 
Terminlister lokalt: Innspel aldersklassar i seniorklassen under KM.
Nasjonale renn
Kurs
Andre tiltak/samarbeid

Alpint:
Terminliste lokalt
Nasjonale renn
Trenerkurs og kurs
Rekruttering/samarbeid.

Hopp/kombinert:
Terminliste - dommar og TD oppsett.  Felles terminliste med Sogn og fjordane?Rekrutteringsarbeid - fleire stader i skikretsen - tankar og innsspel ang dette.
Status NM damer og Junior- kretsen sin rolle i desse arrangementa.
Felles innetrening på Bulken skule - orientering ang trenarar og tidspunkt.

Fellesdel 2000-2030:
Aktuelle saker og presentasjon av Hordaland skikrets

NIF-EPI01, 01