Hopp til innhold

Her er deltakarane frå fjorårets haustcamp. Me gledar oss til, også i år å arrangere storsamlinga vår på Bømoen helga 14. - 16. september.

Haustcamp 2018

Årets storsamling for alle skigreiner i skikretsen for dei født mellom 2003 og 2007. Sjå oppdatert program og informasjon for samlinga som går frå fredag 14. til søndag 16. september.

Haustcamp

Me gledar oss til å invitere til den årlege storsamlinga til skikretsen på Bømoen - Voss. Alle utøvarar er velkomne, uansett kva skigrein ein er aktiv i. Det vert varierte og utfordrande treningsøkter. Nokre økter vert felles for alle og nokre vert greinspesifikke. Det vil vere dyktige trenerar frå våre skiklubbar og skikretsen med på samlinga. Programmet for samlinga kjem i august. Fram til dette så nyttar de linken til å melde dykk på!

Av aktivetar vert det til dømes: elvepadling, terrengsykling, nattorientering, rulleski(langrenn), rollerblades(alpint) og variert aktivitet i idrettshall(innesko). Med ei så variert treningssamling, så er det behov for ei god "ta med- liste". Sjå den under. 

Ta med liste 
Påmelding Haustcamp 2018

Program haustcamp 2018

Betaling

For innbetaling av deltakaravgift på haustcampen, så betaler ein inn 1700,- på kto nummer: 3480.16.04775 og merkar med "haustcamp" +namn.


haustmøte

Samstundes som me arrangerer vår kjekke storsamling for ungane, så vil hopp og kombinert halde sitt haustmøte som er åpent for alle. Dette vert søndag 16. september frå 12 - 14. Skikretsen gjennomfører også eit møte for freestyleklubbane same staden. Her vil det verte oppdatering/klargjering rundt vinterens terminlister og nasjonale renn, samt andre tiltak i skikretsen komande vinter.

Program haustmøte hopp og kombinert 2018 

Sponsor

Me er glade for ha Voss Veksel - og Landmansbank med oss som sponsor for vår største fellessamling gjennom skikretsen. Vekselbanken er ein lokal bank på Voss skipa allereie i 1899. I lag med andre tiltak de støttar gjennom banken er me takksame for at de ser på dette arrangementet som eit de ynskjer å vere ein god medspelar på!

 

NIF-EPI03, 03