Hopp til innhold

Framnes vgs ligg i Norheimsund. Her vil årets vårmøte føregå.

Vårmøte - Hordaland skikrets

Hordaland skikrets inviterer til vårmøte i Norheimsund laurdag 26. mai. Det vert fagmøter i greinene og fellesdel med bla oppfølging av klubbutvikling. Atle Rolstadaas frå Utviklingsavdelingen i NSF kjem. Meld på!

Vårmøte til skikretsen skal i år føregå i Kvam kommune og Norheimsund. Framnes vgs er staden der møtet vert halde. Her vert det både fagmøter i greinene etterfulgt av lunsj, før me har ein felles del med klubbutvikling, informasjon frå skikretsen og val på nye tillitsvalde.

Sakslistene frå fagmøtene med årsmeldingar vert oppdatert på denne sida fortløpande.

Med tanke på planlegging av både møterom og mat, så ynskjer me at alle å melder seg på via link. Fristen er 20. mai for online påmelding. Send mail til Hordaland skikrets om de melder dykk på etter dette. Det er ikkje noko kostnad for å vere med på vårmøte, og me lovar ein kjekk og engasjert dag for skisporten i Kvam denne laurdagen.  

Påmelding vårmøte i Kvam laurdag 26. mai

Program 

10-12: Fagmøte
-Langrenn
Årsmelding 2017-18
Saksliste fagmøte langrenn

-Alpint


-Hopp/kombinert:
Årsmelding 2017-18
Aktivitetsplan 2018-19
Rekruttering 2018-2019

12-13: Lunsj

13-1530: Vårmøte skikretsen
-Årsmelding
-Val
-Pause
-Oppsummering av klubbesøk og vegen vidare m/ Atle Rolstadaas.

Slutt.

Er det saker som ein ynskjer å ta opp på fagmøta eller i skikretsens årsmøte så kan de ta kontakt med komiteleiarane eller styret i skikretsen. Sjå kontaktinformasjon.

 

NIF-EPI01, 01