
Langrennshelg i Kvam
Helga 17-18. februar vert da langrennshelg i Kvam i Hardanger då Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb inviterer til sprintlangrenn, turrenn og langrennscross.
Laurdag står Kvammasprinten i fristil på programmet med ny sprintløype av året. Dei yngste (til og med 10 år) går 700 m prolog, 11-14 år går 1 km prolog og finalar, mens alle klassar frå og med 15 år går 1,5 km prolog og finalar. Påmeldingfrist er onsdag 14/2. Meir info om rennet i invitasjon under, eller på skiforbundet sine nettsider - https://www.skiforbundet.no/hordaland/langrenn/terminliste-langrenn-hordaland/arrangement/?eid=317750 .
Kvammasprinten 2018 - Innbyding
Sundag arrangerast det tradisjonsrike Torefjellsrennet som er eit turrenn i fristil. Konkurranseklassane går 25 km (17 år og eldre), 11 km (13-16 år) og 5 km (11-12 år). Ein kan også delta i trimklasse utan tidtaking som er 11 km uansett alder. For borna opp til og med 10 år arrangerer me langrenncross fellesstart. Dette er ei fartsfylt løype med ulike hinder som ungane elskar! Påmeldingsfrist for konkurranseklassane er torsdag 15/2. Trim og langrennscross har påmeldingsfrist 17/2. Meir info om rennet i invitasjon under, eller på skiforbundet sine sider - https://www.skiforbundet.no/hordaland/langrenn/.
Torefjellsrennet 2018 - Innbyding
NB! Torefjellsrennet er delt opp i to ulike arrangement på skiforbundet sine sider (born/trim og konkurranseklassar).
Påmelding til alle renna gjerast via Min idrett.