Hopp til innhold

Sjur Røthe til topps i verdscupen på Lillehammer

Vossingen Sjur Røthe gjekk til topps på laurdagens individuelle friteknikk distanse i verdscupen på Lillehammer. I minitouren enda Vossingen på 2. plass. Hordaland skikrets gratulerer!

Det vart ei fantastisk verdscuphelg for Sjur, som vann sitt fyrste verdscuprenn på tre og eit halvt år. Sist gong var det også på norsk jord, med sin 5-mils siger i Holmenkollen. 

Denne gong var det under ein minitour med sprint, distanse friteknikk og jaktstart i klassisk teknikk på Lillehammer 30. november - 2. desember. På laurdagens renn i friteknikk individuell start, så vann Vossingen med 9 sek til Didrik Tønset på 2. plass. Det førde til at søndagen jaktstart vart eit oppgjer mellom nemnte Didrik og Sjur, i kampen om sigeren i minitouren. Her var Byåsenløparen dei nødvendige cm foran, som gjorde at Sjur fekk 2. plassen totalt. Hordaland skikrets er stolte over kva Sjur Røthe har fått til etter ein tung periode med sjukdom og motgang og gledar oss til fortsettinga! 
Avisa Hordaland - Det handlar om å ikkje gje opp

NRK - Sjur Røthe med sin første verdscupsiger etter sjukdom

Vebjørn Turtveit, som også går for Voss IL, gjorde også gode løp i sin verdscupdebut. Med 40. plass på laurdagens friteknikk og 50. plass totalt etter søndagens klassiske jaktstart, så har me noko å glede oss til framover vinteren for den fremadstormande Vossingen. 

Resultat WC lillehammer  - minitour

nif-epi04, 04